Kompetanseundersøkinga 2023

bilde
Foto: Bømlo Næringsråd

Næringsrådet har i haust gjennomført si årlege undersøking om yrker og kompetanse. Undersøkinga vert utført saman med Bømlo Opplæringskontor, for å kartlegge behov for kompetanse i medlemsbedriftene våre. Oppsummert er det 50 yrker, både yrkesfag, ingeniørar og andre yrke (helse, utdanning, økonomi, ++) der bedriftene våre slit med å få tak i folk.

Det er ikkje lett å få tak i folk over natta, men me i næringsrådet arbeider systematisk på fleire hald, for å prøve å hjelpe bedriftene våre med denne utfordringa. Her kan du lese litt om det me gjer, for å sikre nok og rett kompetanse til bedriftene våre framover.

Kompetanseforum Sunnhordland

Næringsrådet deltek i det regionale kompetanseforumet leia av Sunnhordlandsrådet. Her deltek næringsråd, bedrifter, høgskule, opplæringskontor og andre aktørar frå regionen, og spelar inn kva behova er for kompetanse i dei ulike kommunane.

Innspela som kjem frå vår kompetanseundersøking, vert teke med når mellom anna fylke og høgskular planlegg kva linjetilbod me skal ha i regionen. For det er næringslivet sine behov som er styrande for kva linjer me får. Både ved dei vidaregåande skulane, fagskulane og høgskulane. Så innspela næringslivet har her, er viktige!

Det er viktig å hugse på at me i Sunnhordland er ein felles bu- og arbeidsregion. Det regionale nettverket me i næringsråda byggjer på arena som Sunnhordlandsrådet, gjer oss viktige kontaktnett når me av og til får i oppgåve å finne jobb til "den andre", dei gongane bedriftene våre har tilsett nokon som tar med seg ein. Så kontakt oss gjerne om de treng hjelp til å finne jobb til "den andre".

Utdanningsval, yrkesdag og skulebesøk

⁠⁠Me brukar òg resultatafrå kompetanseundersøkinga for å sikre at me gjer born og unge kjende med yrker som samfunnet har bruk for, og vil gje dei arbeid den dagen dei er ferdige på skule. Det er mykje spennande å velje i, og for dei som ikkje veit kva dei vil, kan det gjerne vere godt å ha litt rammer å førehalde seg til når valet skal takast.

På yrkesfag har elevane god kontakt med bedrifter gjennom arbeidspraksis ute i bedrift, og jamn kontakt med bedrifter fram til dei skal ut i lære. Men i samarbeid med Bømlo Opplæringskontor og skulane, legg me i næringsrådet òg til rette for at born og unge møter relevante yrker i arbeidslivet på ulike møteplassar før dei skal velgje utdanning, som i faget utdanningsval og på yrkesdag for 10. klasse.

I tillegg samarbeider me med opplæringskontoret og skulane for å gjere innhaldet mest mogleg relevant på open dag på vgs og Utdanningsmessa, og ikkje minst spegle arbeidslivet sine behov.

Bachelor-, masteroppgåver og internships

Kvart år reiser 30 - 40 ungdommar frå Bømlo, og anar ikkje kva moglegheiter som er for dei i lokalt næringsliv. Me arbeider difor no med å styrkje kontakten med lokale ungdommar som er ute og studerer, og tilby dei relevante bachelor- og masteroppgåver med bedrifter på Bømlo, og internships undervegs i studieløpet.

No i haust intensiverer næringsrådet arbeidet med å legge til rette for at slikt kan skje, og me vonar dette vil gje resultat hos næringslivet om få år. Det er 18 bedrifter som ønskjer studentar velkomne til å skrive oppgåver hos dei, og 15 bedrifter som vil tilby internships. Det synes me er veldig bra!

Vaksenopplæring og NAV

Så er det og slik at det i desse dagar er det mange flyktningar som kjem til Bømlo og regionen, som etterkvart skal ut i arbeidstrening og jobb. Me har difor i undersøkinga og kartlagt kva bedrifter som har kapasitet å ta i mot flyktningar i arbeidspraksis, og har ein dialog inn mot vaksenopplæringa og NAV i høve dette. Halvparten av dei som har svara på undersøkinga vår, seier det kan vere aktuelt for dei å ta inn flyktningar i arbeidspraksis. Det er berre heilt fantastisk, og utruleg viktig for å integrere og inkludere dei som kjem hit.

Tilflyttarstrategi

Som mange no har fått med seg, så pågår det eit arbeid i næringsrådet med å lage ein tilflyttarstrategi til Bømlo, der me snart har på plass ein plan og tiltak for kva me må jobbe med, for at Bømlo skal bli ein meir attraktiv stad å busette seg. På denne måten kan me klare å få fleire til å flytte hit og arbeide i våre bedrifter, og ikkje minst klare å halde på dei me har fått hit. Arbeidet er finansiert av 36 bedrifter her i kommunen, og blir presentert på konferansen vår 8. november. Ikkje gå glipp av denne!!

Me takkar alle som har svara på undersøkinga, og skal fortsette å arbeide målretta framover for å sikre meir av den kompetansen som medlemsbedriftene våre treng framover!

Sjå alle nyhende