Jenter på workshopen
Etter to år på yrkesskulen i Rubben og to år i lære, pluss, pluss, trivest desse tre jentene godt på workshopen hos Wärtsilä i Rubbestadneset. Eller verkstaden, som me kan seie på norsk.
Britt Marit Gilje, Caroline Nesse og Bente Steinsbø er tre av jentene som har sin faste jobb på workshopen. Bente er ein av tre formenn på avdelinga (ja, det heiter formann), medan Britt Marit og Caroline jobbar i produksjonen. – Det er ein veldig kjekk arbeidsplass. Godt arbeidsmiljø og fleksibel og flott arbeidsgjevar, skryt dei tre kvinnene.
Utdanna lokalt - av yrkesskule, fagskule og lokale bedrifter
Britt Marit Gilje starta på Rubbestadnes yrkesskule etter grunnskulen. Ho gjekk først på grunnkurs mekanisk (som det heitte då, TIP i dag), og VG1 på elektromekaniske fag. Så fekk ho lærlingplass hos Wärtsilä i Rubbestadneset, - og seinare har eg vore her, seier ho med eit smil. Det har allereie vorte 24 år.
Britt Marit er i dag industrimekanikar på båtteamet, det vil seie at ho jobbar om bord når det kjem skip inn for oppgradering og vedlikehald. Når det ikkje er skip inne, jobbar ho på verkstadavdelinga, der ho overhalar komponentar, blant anna.
Caroline Nesse starta også på yrkesskulen og gjekk to år i lære. Det første lærlingåret på Wärtsilä, det andre på M/F «Bjørnefjord» som gjekk mellom Halhjem og Sandvikvåg. Ferdig med læretida jobba ho nokre år på Bremnes Seashore før ho fekk seg jobb hos Wärtsilä. Caroline har og gått på teknisk fagskule (maskinteknisk) samtidig som ho jobbar på Wartsila. I dag driv ho også med maskinering av sylinderdeksel, overhalar komponentar og kursar seg i NDT (sprekktesting), det vil seie at ho testar stål for skader og sprekker. Ho fortel at ho begynte på yrkesskulen fordi ho ville gjera stikk motsett av det som alle dei andre gjorde, eit lite opprør. Ho har ikkje angra på det.
Bente Steinsbø er som nemnt formann på workshopen. Då ho begynte på yrkesskulen, var dei fem veninner som starta på grunnkurset der samstundes. Bente fortel at ho syntest det høyrdest forlokkande ut med ein reisejobb, ein månad ute og ein heime, og søkte om og fekk læreplass hos Eidesvik. Ho vedgår at ho lengta heim i starten, men at det gjekk seg til. Etter læretida gjekk Bente på fagskule i Rubben, på skipsteknisk drift. Ho fortel at ho kunne jobba som motormann, men hamna hos Wärtsilä, og er no supervisor i workshop eller formann på verkstaden, og altså leiaren til dei to andre me har snakka med.
Fagarbeidaryrket passar like godt til jenter
Vil dei så råda andre jenter/kvinner til å velje yrkesfag og industrimekanikk? - Ja, absolutt, seier dei i kor. Jobben er variert, og dei rosar det gode arbeidsmiljøet. – Viss ein har lyst å jobba praktisk og ikkje ser føre seg å sitja på kontor, er dette eit godt val. Det er ikkje alle som er like teoretisk anlagt, då kan det vera greitt å gå yrkesfag. Ved å velje yrkesfag kjem du deg også kjapt ut i jobb og tener pengar, når andre er ferdige med tre år på allmennfag, er du allereie godt i gang med jobb, seier dei tre.
Nyleg gjekk tre lærlingar opp til fagprøve på avdelinga, med godt resultat. Formann Bente fortel at dei har fadderordning for lærlingane som dermed vert tekne godt vare på. Då næringsrådet var på besøk, råda ein avslappa og god atmosfære på avdelinga. Men Bente Steinsbø fortel at det kan vera svært hektisk til tider når det hastar med å få delane ut til ventande kundar. – Då hender det at her vert jobba døgnet rundt, i tre skift, for å få delane ferdige og sende av garde. Du veit, tid er pengar, og kundane våre er avhengige av at ikkje produksjonen stansar opp for lenge, seier Bente Steinsbø til slutt.