Jahn Helge Bjørnestad ny CCO i Napier
Napier har tilsett Jahn Helge Bjørnestad som ny Chief Commercial Officer (CCO) i Napier. «Me er veldig glad for å ønske Jahn Helge velkommen på laget. Hans verdiar stemmer godt overens med Napier sine, og me ser fram til eit godt samarbeid kor me i åra som kjem fortset å skape verdiar for kundane og aksjonærane våre», seier Kjetil Tufteland, administrerande direktør i Napier.
Bjørnestad har tidlegare jobba i DNV, og hatt ulike kommersielle og strategiske leiarroller, mellom anna som leiar for global forretningsutvikling hos Siem Offshore. Gjennom karriera har han hatt eit særskilt fokus rundt kommersialisering av innovativ teknologi. Han er utdanna sivilingeniør frå NTNU, samt har en MBA i strategi og styring.
Bjørnestad seier i ei pressemelding sendt ut frå selskapet at han ser fram til å bidra til at Napier opplever ytterlegare berekraftig vekst, samt styrkjer selskapet sin posisjon som den leiande marknadsaktøren i det spennande segmentet Napier opererer i.
Bjørnestad er busett i Bergen og kjem til å arbeide derifrå, og pendle til/frå kontoret på Langevåg.