Innspel til styrekandidatar
Det nærmar seg årsmøte i Bømlo Næringsråd, og valkomiteen er i gang med å sjå på styresamansetninga framover. Kjenner du nokon som bør vera med i styret i næringsrådet? Kanskje du sjølv har lyst? Valkomiteen tar no imot innspel til kandidatar.
Valkomiteen består av Simon Nesse Økland som leiar komiteen, Vidar Onarheim og Gitte Gard Talmo. - Me ynskjer innspel til kandidatar som har engasjement for næringslivet i kommunen og i regionen, og som evnar å sjå det store biletet, utover eiga bedrift, seier Økland.
Mangfald i styre
- Styret i næringsrådet skal ha med representantar frå ulike næringsområde, ha geografisk spreiing og ulik storleik på bedriftene, fortel Økland. - Det bør òg vere representantar som veit kva som kreves i etableringa av eige selskap, og sjølvsagt balanse på alder og kjønn.
Økland har sjølv vore styremedlem og styreleiar i næringsrådet i fleire år, og seier følgjande om oppgåva: - Å vere med i styret i næringsrådet er både lærerikt og kjekt. Ein blir kjende med aktørare i næringslivet lokalt som ein kanskje elles ikkje ville blitt kjent med, og får eit godt innblikk i viktige saker som berører næringslivet i kommunen.
Kjenner du nokon som bør med?
Ta kontakt med leiar i valkomiteen innan 23. februar. Simon Nesse Økland, e-post simon@seashore.no eller telefon 917 59 753.
Årsmøtet vert halde 11. april på Kulleseidkanalen Gjestehavn, og vert avslutta med ein årsmøtefest der mellom anna Næringsprisen 2024 vert delt ut.
Styret i dag
Styreleiar Lauritz Eidesvik, Bømmelfjord (på val)
Nestleiar Anita Hellen Morlandstø, dagleg leiar Bømlo Storsenter (på val)
Styremedlem Cecilie Tingvoll Hope, dagleg leiar Amundsen Kabel (ikkje på val)
Styremedlem Malin Rolfsnes Ölander, avdelingsleiar Siemens Energy (ikkje på val)
Styremedlem Marius Økland, adminstrasjonssjef Fylkesnes Fisk (på val)
Varamedlem Nina Meldahl Olsen, dagleg leiar Moster Amfi (på val)
Varamedlem Frode Urangsæter, innkjøpar Eidesvik Offshore (ikkje på val)