Innspel til partiprogramma før stortingsvalet 2025

bilde

Til neste år er det stortingsval. Dei politiske partia arbeider no med innhaldet i sine program for perioden 2025-2029. For næringslivet på Vestlandet vil desse åra by på store utfordringar, og det er viktig at partia legg til rette for vekst og nyskaping gjennom det grøne
skiftet.

For oss i Bømlo Næringsråd er det særlig viktig å trekke fram at oppgradering av kapasitet på Stord trafo må prioriterast, at det må vere mogleg å få tilkopling på vilkår ned til 1 MW, og at det er viktig at ein kjem i gang med trinn 5 (meir kraftproduksjon i SKL-ringen).

I samarbeid med Næringsalliansen Vestland, som samlar 17 næringsråd og -foreiningar i heile fylket, vil me vidare be partia ta omsyn til desse sakene i sine respektive program:

1.        Skatt og rammevilkår

  • Eigarskattar: Det kan ikkje vere slik at det skal være dyrare å vere norsk eigar enn utanlandsk eigar av norske arbeidsplassar.
  • Grunnrenteskatt: Grunnrenteskatten må lettast, både for fornybar kraft og havbruk. Dagens satsar reduserer investeringsevna og hindrar samfunnsøkonomisk lønnsame investeringar.
  • Omstilling og utvikling: Vi treng ein Vestlandsstrategi. Regionen er svært tungt eksponert
    mot petroleum og prosess/petrokjemisk. Vi må legge til rette for at denne kompetansen og kapitalen kan brukast i omstilling til lavutsleppssamfunnet, ikkje forvitre med tilbakegang og arbeidsløyse som resultat. Nedturen kjem alt i 2027. 
  • Legge til rette for auka sirkularitet i verdikjeder, til dømes ved å fjerne mva på brukte klede.


⁠2.        Kraft når vi treng det

Situasjonen er kritisk om vi seier nei til ny industri i den regionen som treng omstilling mest frå fossil til fornybar. Her finst ressursane og kompetansen dersom vi tar dei rette beslutningane.

  • Bygge ut og styrke nettet i heile fylket, dette gir større fleksibilitet for alle aktørar (KU-Bergen)
  • Bygge ut ny kraftproduksjon, herunder flomsikre også i verna vassdrag der ny kraft vil bli resultatet
  • Redusere planleggingstid i tråd med innstillinga frå kraftnettutvalet

3.        Trygg og rask transport og mobilitet

Vestland har dobbelt å høge transportkostnadar som konkurrentane. I tillegg har vi ras, kø og dårleg tryggleik. Nasjonal Transportplan er ikkje ambisiøs nok. Europavegane på Vestlandet og Bybanen i Bergen er særleg viktig å framheve. Vedlikehaldsetterslepet er framleis stort, og må reduserast i perioden både på fylkes-, riksveg og jernbane. Vedtekne traseval skal leggast til grunn for planlegging og prioritering av nye vegprosjekt.

4.        Arbeidsplassar for framtida

For å legge grunnlaget for arbeidsplassar for framtida, må vi ta avgjerande grep no.

  • Kompetanse: realisere nasjonalt kompetansesenter for yrkesfag
  • Utvikle eit supplerande løp på tvers av fagskule og universitet og høgskular (UH-sektor)
  • Kompetanse: Betre samanheng mellom behov og dimensjonering UH-sektor
  • Hav: Realisere samlokalisering av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet for å sikre
    den unike marine verdi- og kompetansekjeda.
  • Hav: Styrke One Ocean og medverke til at det EU-finansierte forskings- og innovasjonsprogrammet KIC WMM vert realisert. Støtte opp om One Ocean ved at Bergen får den internasjonale Havkonferansen i 2030. 
  • Helse: Medverke tilbetre infrastruktur for realisering og kommersialisering av produkt frå den omfattande helseforskinga. 
  • Digital: Nasjonal satsing på kunstig intelligens (KI) – Noreg må vere i front.
  • Industri: Legge til rette for at norske verft kan konkurrere om forsvarsleveransar
    (garantiordning).

Næringsalliansen Vestland

Sjå alle nyhende