Ingen konkrete planar for auka nettkapasistet for Stord transformatorstasjon
Onsdag 15. mai hadde Statnett dialogmøte med næringsliv, kommunar, kraft- og nettselskap i Haugesund. Tema var områdeplanen for Bergensområdet og Haugalandet, og planar og framdrift for viktige prosjekt i vår region. Diverre var det lite nytt å melde om framdrift på auka nettkapasitet på transformatorstasjonen på Stord, og ingen konkrete planar eller godkjende tiltak som vil gjere det mogleg å knyte til nytt forbruk over 1 MW for bedrifter på Stord eller Bømlo dei nærmaste åra. Fagne ber uansett bedrifter som har bruk for kraft over 1 MW om å ta kontakt, for å sjå på moglege løysingar.
Det var stort oppmøte frå Haugalands- og Sunnhordlandsregionen på dialogmøtet. Frå Sunnhordland møtte Lene Pilskog og Magne Heimvik frå Invest in Sunnhordland, ordførar Morten Helland og kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter som representantar frå både Bømlo kommune og Sunnhordlandsrådet, Tor Bjarne Smedsrud frå Finnås Kraftlag og Bømlo Kraftnett og Nina Ingvaldsen frå Bømlo Næringsråd.
Statnett og Fagne la fram områdeplanen
Statnett ønska velkommen og drog gjennom områdeplanen som skal ut til høyring, og har høyringsfrist i september. Fagne supplerte med detaljar for regionen. Det er mange viktige prosjekt som er landa på Haugalandet, oppgraderingar på transformatorstasjonar er i gang, og nye kraftlinjer og meir kraft vert no etablert til Gismarvik. Det er ein aktiv og framoverlent Haugalandsregion som har lukkast med å realisere mange viktige prosjekt for Haugaland og Sunnhordland sin felles kraftregion, gjennom tett dialog med Statnett over fleire år.
Innlegg frå Invest in Sunnhordland
Dagleg leiar i Invest in Sunnhordland, Lene Pilskog, haldt eit kort innlegg der ho var tydeleg på, at om me fortsatt skal ha næringsutvikling i Sunnhordland er det avgjerande at kapasiteten på Stord transformatorstasjon må aukast, det må på plass system for tilknytning på vilkår ned til 1 MW, og trinn 5 i områdeplanen (ytterlegare kraft til SKL-ringen) må setjast fart på.
Ho viste elles biletet over verdiskapinga i Vestland fylke, kor det er tydeleg at Sunnhordlandsregionen er eitt av dei mest aktive områda i fylket. Likvel er ikkje Sunnhordland nemnd med eit einaste ord i skildringa på omslaget av områdeplanen for Bergenesområdet og Haugalandet.
Framleis utfordringar med Stord trafo
Når det gjeld tilgangen på meir kraft i Sunnhordland, er derimot transformatorstasjonen på Stord framleis ein stor flaskehals, og det er ikkje klart når ein kan tilby kraft over 1 MW til næringsliv på Stord eller Bømlo. På spørsmål om det er råd å knyte til nye forbruk på vilkår, ned til 1 MW, svara Fagne at det er mogleg å få til med dei rette systema for nedstenging på plass. Statnett presiserte etterpå, at dette likvel ville vere vanskeleg å få til når det gjaldt tilknytning av nytt forbruk frå Stord transformatorstasjon, då ein her hadde så høg last frå før.
Me takkar for moglegheita å delta på dialogmøtet, og kjem til å arbedida vidare framover gjennom kraftgruppa til Invest in Sunnhordland, for å få prioritet om å auke kapasiteten for Stord transformatorstasjon framover.