Høyringssvar på grunnrenteskatt for havbruk

bilde
Foto: Bremnes Seashore

Bømlo Næringsråd er sterkt uroa over konsekvensane grunnrenteskatten vil ha for vår kommune, Sunnhordland, Vestland, Kyst-Noreg og Noreg.

Bømlo er ein stor oppdrettskommune med fire lokale, privateigde oppdrettsselskap, som har drive med fiskeoppdrett tilbake til 1963, og vore sentrale aktørar i å drive fram utviklinga av havbruksnæringa til her me er i dag. Til saman har bedriftene tett på 700 tilsette som driftar meir enn 30 oppdrettskonsesjonar, og produserer 36 000 tonn sløya laks/år, og representerer heile verdikjeda frå smolt til foredling.

Siste 10 år har selskapa investert over 3 MRD kroner, og skapt over 400 nye direktearbeidsplassar i og rundt kommunen. Då forslaget om grunnrenteskatt vart lagt fram i september i fjor, hadde selskapa planlagt investeringar for 2,5 MRD kroner, som vil gje om lag 160 nye direktearbeidsplassar, og 250 indirekte arbeidsplassar. Desse prosjekta er no stoppa.

Me ber difor om at innrettinga av grunnrenteskatten vert utforma på ein måte som støttar opp under vidare utvikling av heile verdikjeda i norsk oppdrettsnæring, og ei heilskapleg vurdering av det totale skattetrykket for lokale, privateige oppdrettsselskap, som gjer det mogleg for dei å utvikle seg vidare, både på sjø og på land.

Samstundes vil me gjere merksam, på at det er store lokale og regionale skilnader i kostnadsnivå mellom norske oppdrettsselskap. Me vil difor åtvara mot å kopiera ein grunnrenteskattemodell frå eit homogent produksjonsområde som Færøyane.

Skatt på overskot i staden for avgifter på oppdrettsaktiviteten

For lokale familieeigde oppdrettsselskap er formueskatten som ei avgift. Denne har blitt urovekkande høg etter at den skattemessige verdivurderinga av oppdrettskonsesjonar vart sett til høgaste auksjonspris. Me i Bømlo Næringsråd ønskjer å peike på at Skatteutvalet har understreka at formueskatten er ein skadeleg skatt. Ekstra skadeleg har det blitt etter at eigarane av familieeigde norske oppdrettsselskap må ta ut store utbytte og betala ein særs høg formuesskatt og utbytteskatt basert på løyvet dei har til å produsera mat. Då er det mykje betre å betala ein skatt på overskotet ein oppnår ved å produsera sunn og berekraftig mat, for å sikre føreseieleg og berekraftig drift av selskapa på alle nivå.

Bømlo Næringsråd ber difor om at ein heller legg opp til auka skattlegging av overskot, enn auka avgifter på oppdrettsaktiviteten.

På denne måten kan me sikre vidare aktivitet og vekst innan heile verdikjeda for havbruk, eit rikt og variert arbeidsliv, gode arbeidsplassar på sjø og land, og ikkje minst meir inntektsskatt til Staten og eksportinntekter til landet.

Skattlegging som sikrar vekst i heile verdikjeda

Veksten i direkte arbeidsplassar i havbruksnæringa på Bømlo har i all hovudsak vore i landaktivitetar som foredling, pakkeri og smoltproduksjon. Kapitalen til å finansiera denne veksten har kome frå dei lokale oppdrettsselskapa. Me opplever at våre medlemsbedrifter tilbyr «kapital med hjarta» for å byggja slike arbeidsplassar, og andre arbeidsplassar i lokalsamfunnet, samstundes som dei utviklar mat i verdsklasse. Utan gode lokalsamfunn med interessante og framtidsretta arbeidsplassar, og eigarar som brenn for utvikling av både næring og samfunn, vil vekstkommunar som Bømlo stagnera.

Bømlo Næringsråd ber difor om eit heilskapleg skattesystem som legg til rette for vidare vekst for å skapa fleire arbeidsplassar, meir foredling, større verdiskaping og auka eksportinntekter – og lokalt eigarskap.

For å sikra dette ber Bømlo Næringsråd om at det blir gjort ei heilskapleg konsekvensutgreiing av nye skattar før ein innfører desse, der ein har brei involvering av alle partar, og ser på heilskapen av kva konsekvensar dei vil gje, i eit større bilete.

Sjå alle nyhende