Høyringssvar om reiseliv og destinasjonsutvikling, kommuneplanen sin arealdel (KPA)

bilde

Bømlo Næringsråd har sendt inn høyringssvar til kommuneplanen sin arealdel for reiseliv og destinasjonsutvikling. Her kan du lese heile høyringssvaret vårt.

Bømlo har eit stort potensiale til å bli ein enno meir synleg og attraktiv reiselivsdestinasjon enn i dag. Med vakker natur og ein spennande og variert historie, ligg mykje til rette for å vidareutvikle eksisterande og utvikle nye destinasjonar reiselivsnæringa kan fremje ut mot turistar og andre besøkjande. Tilflyttarstrategien som næringslivet finansierte i 2023 peikar i tillegg på, at målretta arbeid med destinasjonsutvikling vil auke attraktiviteten til Bømlo kommune, òg som stad å bu. Arbeid med destinasjonsutvikling bør difor styrkjast på etablerte reiselivsdestinasjonar, og i lokal- og kommunesenter. Her følgjer Bømlo Næringsråd sitt høyringssvar til KPA-en, med innspel me meiner vil styrkje arbeid med destinasjonsutvikling og reiseliv i åra framover.

Næringsareal til sjø må òg vere tilrettelagt for reiseliv

I føresegnene til KPA-en er det gjort avgrensingar til at næringsareal nærare sjø skal vera sjørelatert, eller tilknytt sjørelatert næringsverksemd. Dette meiner me blir for snevert i forhold til næringslivet på Bømlo, og då særleg reiselivsnæringa og arbeid med destinasjonsutvikling.

I Bømlo kommune sin KPS frå 2019, vert reiseliv løfta fram som eige kapittel, og det er løfta fram nokre aksjonar i oppfølging av arealstrategien. Der står det mellom anna at ein skal «Ha eigna område til næringsføremål/reiseliv i strandsona», og at ein skal «Satse strategisk på kulturbasert næringsliv med omsyn på reiseliv». Bømlo Næringsråd gjev difor følgjande innspel til føresegnene sitt kapittel 3.1.5:

3.1.5 Næringsbygningar (pbl. § 11-10 nr. 1 og 2)

3. Næringsareal nærare sjø enn 50 meter skal vera sjørelatert, eller tilknytt sjørelatert næringsverksemd.

Innspel frå næringsrådet:

Føresegna må ikkje avgrensast til at næringsareal nær sjø skal vera sjørelatert eller tilknytt sjørelatert næringsverksemd. Reiseliv til dømes er ei viktig næring for Bømlo, og det kan forventast at næringa vil auke i omfang i åra framover. Sunnhordland er sertifisert som ein berekraftig reiselivsregion, og Bømlo er sentral i Geopark Sunnhordland som nyleg fekk UNESCO-status.

Bømlo består av fleire «avleggs» tettstadar tett på sjø, som til dømes Urangsvåg, Foldrøyhamn, Mælandsvåg, Alvsvåg, Lykling og Melingsvåg. Fleire av desse har ein grunnleggjande infrastruktur som veg, kaier osb. som mogleggjer enkel ombruk. Fellesnemnar er at dei er lite eigna for større industriverksemder som har sjøen som næringsveg, eller til næring knytt til reiseliv, kulturarbeidsplassar mv. Gjenbruk er kanskje først mogleg dersom ein får utvide arealet noko, jf. dagens krav til parkering, universell utforming, varelevering med meir.

Det er vesentleg at det opnast for gjenbruk av desse områda, då gjenbruk kan gje områdeløft og næring kan gi tilskot til fellesskapet og opne opp areal som i dag er lite i bruk eller opplevast privat. I tillegg vil utvikling og transformasjon av desse historiske stadane vere både framtidsretta og berekraftig.

Næring på desse nemnde områda, i nærleik til sjø, kan vere reiseliv og destinasjonsutvikling, småindustri som kan blomstre i etablerte vågar, kontorklynger med meir. Heile identiteten til Bømlo er jo bygga kring sjøen, så viktig at dette vert teke med i planar framover òg.

Me foreslår difor følgjande formulering av punktet:

3. Næringsareal nærare sjø enn 50 meter skal vera sjørelatert, eller tilknytt sjørelatert næringsverksemd, destinasjonsutvikling, reiseliv, kontorfellesskap, småindustri eller andre næringstilbod som aukar attraktiviteten til Bømlo som stad å bu.

Det er elles viktig at KPA-en tek høgd for å legge til rette for mindre utviding av arealet desse stadane, slik at gode initiativ lettast mogleg kan gå i gang med å legge til rette for dagens krav til parkering, universell utforming, varelevering med meir.

Legge til rette for installasjonar i eller ved sjø, som stør opp under destinasjonsutvikling og reiseliv

Det er mykje innan flytande, flyttbare installasjonar i sjø, alt frå husbåtar, flytande badstuer, kaianlegg mv. som kan gje turistar i kommunen flotte opplevingar. I tillegg er det mange stader på Bømlo som ikkje er eigna for dette, grunna for hardt ver delar av året, slik at det vil vere aktuelt å byggje slike installasjonar heilt i sjøkanten på land.

Føresegnene til KPA-en, bør opne opp for at kommunen kan handsame søknader om mindre og/eller flyttbare installasjonar i/ved sjø knytt til reiseliv og destinasjonsutvikling lokalt, utan å måtte søke dispensasjon til fylket. Dette er òg i tråd med arealstrategien i vedteke KPS frå 2019, at ein skal «Ha eigna område til næringsføremål/reiseliv i strandsona». Bømlo Næringsråd føreslår difor følgjande til følgjande overskrift og kulepunkt i føresegnene kapittel 3.1.5, på lik linje med Næring, kystfiske (KF):

Næring, reiseliv

  1. Føremålet gjeld næringsområde for reiseliv. Innafor føremålet er det tillate å setje opp mindre og/eller flyttbare installasjonar i/ved sjø ved reiselivsdestinasjonar, lokal- eller kommunesenter eller nærsenter til sjø. Dette kan til dømes vere enkle kaianlegg, badstu, husbåtar og andre flytande overnattingsløysingar eller mindre installasjonar i/ved sjøen, forutsett at dei er godt beskrive, og at det er teke høgd for god sikring, tilkomst ved brann mv.
  2. Samla bygningsmasse på mindre og/eller flyttbare installasjonar i/ved sjø er maksimalt tillate 25 BRA, høgd over havet 3 m.

Legge til rette for innspel som stør opp under destinasjonsutvikling og reiseliv

Sunnhordland er sertifisert som berekraftig reisemål, og fleire av våre medlemsbedrifter innan reiseliv satsar på berekraftige opplevingar. Det er for tida både eksisterande og nye aktørar som satsar på alternative overnattingskonsept som gjer lite inngripen i naturen. Desse overnattingstilboda aukar attraktiviteten og gjer Bømlo meir synlege som reisemål, og er viktige tilskot til kommunen vår. I tillegg vert det satsa på utvidingar på eksisterande destinasjonar som krev meir areal, alt frå oppgraderingar av drivstoffanlegg til tilrettelegging av ladeinfrastrutkur for fritidsbåtar.

Bømlo Næringsråd støttar difor opp om høyringssvara til Gullvegen Gardstun, Brandasund Kultur & Fritid (innspel frå gnr/bnr 155/17 og 155/3.), og ber om at forslaget om tretopphyttene på Tunge som vart teken ut i grovsilinga vert teken inn i planen (gnr/bnr 8/8).  

Destinasjonsutvikling som tema i KPS

Det er målretta arbeid med destinasjonsutvikling som legg til rette for reiselivsnæringa. Me i Bømlo Næringsråd vil difor til sist understreke, at det er viktig at destinasjonsutvikling vert løfta fram som eit tema i revidert KPS, med tilhøyrande tiltaksplanar.

  • Når Bømlo kommune no reviderer KPS-en, bør ein definere område kor ein satsar på destinasjonsutvikling i kommunen, som til dømes Espevær, Brandasund, Lykling, Mosterhamn, Kulleseidkanalen, Skogbu/Røyksundskanalen, Sokkamyrå/Langevåg, Urangsvåg, nærsenter, lokal- og kommunesenter.
  • Det er viktig at alle initiativ kring definerte reiselivsdestinasjonar vert sett i samanheng med heilskapleg utvikling av destinasjonen. På denne måten kan ein reindyrke unike opplevingar, som gjer Bømlo meir attraktiv både for turistar, tilflyttarar og andre besøkjande.
  • For definerte reiselivsdestinasjonar bør det føreligge ein plan som legg til rette for infrastruktur for reiselivsnæringa, slik som til dømes parkering, skilting, toalett og turistinformasjon.
  • Det må lagast gode sentrumsplanar for lokal- og kommunesenter. Me viser elles til innspel til næringsrådet sitt innspel til senterstruktur i KPA-en ute til høyring.

Sjå alle nyhende