Høyringssvar om parkering for næringsliv og skule (KPA)

bilde
Foto: Unsplash, John Matychuk

Bømlo Næringsråd har sendt inn høyringssvar til kommuneplanen sin arealdel om krava i føresegnene til parkering for næring og skule. Her kan du lese heile høyringssvaret vårt.

Det er store ambisjonar i samfunnet om å redusere bruk av private køyretøy og gå over til meir bruk av kollektivtransport. I dei store byane har ein i mange år redusert tal på parkeringsplassar, for å auke attraktiviteten rundt det å bruke kollektivtransport. I vår bu- og arbeidsregion i Sunnhordland er derimot ikkje kollektivtilbodet tilstrekkeleg for å få kvardagen til å gå opp for svært mange av dei tilsette i våre medlemsbedrifter. Samstundes registrerer me at minstekrav til parkering i KPA-en er satt veldig lågt, noko som ikkje vil vere ei god nok løysing for bedriftene våre. Difor ønskjer me å gje eit høyringssvar på føresegnene kapittel 2.4.7 Parkering.

Maksimumskrav for parkering til næringsliv og skule må aukast

Forretning/detaljhandel

Slik det er skildra i tabellen, vil ein ny forretning på 1 000 kvm med om lag 10 tilsette, få eit maksimumskrav om 40 parkeringsplassar, inkludert parkeringsplass til dei 10 som arbeider der. Dette er eit svært lågt tal. Me ber difor om at maksimumskrav for parkering for forretning/detaljhandel vert sett noko høgare. Dette vil gjere forretninga meir attraktiv å besøkje for folk i heile regionen.

Kontor og industri/verkstad

Utilfredsstillande løysingar frå mobilitet til/frå jobb og kvardagslogistikk elles, fører til at svært mange må køyre privat bil. Dette er teke omsyn til i maksimumskravet for helseinstitusjonar, men ikkje for kontor, industri og verkstad. I KPA-en ber me om at ein aukar maksimumskravet til minimum same tal som for helseinstitusjonar. Ein ny effektiv kontorbygning har til dømes ein arbeidsplass per 20 m2 bygning. Det vil seia at det bør vera minst ein parkeringsplass per 20 m2 bygning. Ein bør heller ikkje leggje maks grense på parkeringsplassar til desse arbeidsplassane, då god parkering kan vere eit konkurransefortrinn i høve å få tak i nok kompetanse til bedriftene våre.

Barnehage og skule

For barnehagar og skular er det i tabellen ikkje lagt opp til parkering av mopedar (barn over 16 år) eller bilar (elevar vgs over 18 år). Tabellen bør utvidast med dette, for å sikre trygge og gode parkeringstilhøve òg for desse gruppene.

Me takkar for moglegheita til å spele inn vårt høyringssvar, og ser fram til endeleg vedteken plan.

Sjå alle nyhende