Høyringssvar om lokal energiproduksjon, kommuneplanen sin arealdel (KPA)

bilde

Bømlo Næringsråd har gjeve innspel på kommuneplanen sin arealdel med fokus på lokal energiproduksjon i Bømlo kommune. Høyringssvaret vårt kan du lese her:

Bømlo kommune har i ei årrekkje vore offensive i arbeidet med å legge til rette for nytt næringsareal i kommunen, og særleg for sjørelaterte næringar som maritim, havbruk og fiskeri. Det er til dømes arbeida med fiskerihamna i Hovlandshagen, og reguleringsplanar og tilrettelegging for utvida industriområde på Rubbestadneset og Serklau. Kommunen har satsa stort på vegutviklingsprosjekt mellom dei ulike sentera i kommunen, og i tillegg går det føre seg store investeringar på vass- og avløpssida for å legge til rette for nært føreståande og framtidige investeringar i næringslivet.

Samstundes som alle desse tiltaka har blitt gjort, har nett- og kraftsituasjonen til kommunen blitt eit veksande problem. Alle andre stader i Noreg vil ein no få 5 MW kraft utan å måtte søkje, medan på Bømlo og i Sunnhordland vil ein i utgangspunktet ikkje få ja til nytt forbruk over 1 MW før løysing for betre nettkapasitet er på plass. Årsaka er at transformatorkapasiteten i distribusjonsnettet på Stord er sprengt, og løysingar for å auke kapasiteten her, enten er under utgreiing (løysing klar kanskje 2028) eller ligg langt fram i tid (løysing klar 2030-35). I tillegg er det lite tilgjengeleg kraft i ovanliggjande nett, og når auka nettkapasitet vonleg er på plass i Sunnhordland i 2028, har Sør-Noreg mest truleg gått inn i ein periode med kraftunderskot. Dette set oss i ein svært vanskeleg posisjon med tanke på næringsutvikling og det å vere attraktiv for nye etableringar.

Bømlo Næringsråd har med omsyn på dette lese Bømlo kommune sin KPA med fokus på nett- og kraftsituasjonen i kommunen. Her følgjer vårt høyringssvar.

Legge tilhøva til rette for tilstrekkeleg nettkapasitet for framføring av kraft

I føresegnene sitt kapittel 2.4.8 Klima, energi, og tekniske anlegg, er ikkje dette med framføring av kraft teke tilstrekkeleg omsyn til. Det som står er følgjande:

Kablar og leidningsanlegg (pbl. § 11-9, nr.3)
⁠7. Kabel- og leidningsanlegg skal leggjast i grunnen og i størst mogleg grad samlokaliserast.

Framføring av kablar i grunn er vesentleg dyrare enn framføring i luft. Dersom det er snakk om større avstandar, vil det drive opp kostnaden med anleggsbidrag vesentleg til den som skal ha krafta. Me tilrår difor at punkt 7 vert endra til følgjande: «Kabel- og leidningsanlegg bør fortrinnsvis leggjast i grunnen og i størst mogleg grad samlokaliserast. For lengre strekk kan luftkabel vurderast der dette er mest effektivt i høve kost og overføringskapasitet.»

Inkludere moglege areal for lokal kraftproduksjon i KPA-en

Nasjonalt er det siste åra laga rapportar om kraft- og nettbehovet framover. Som følgje av forpliktingar Noreg har gjort gjennom internasjonale avtalar, skal alt av fossil energi fasast ut innan 2050. Mykje av denne energien skal erstattast av elektrisitet frå straumnettet. Dette krev vesentleg meir kraftproduksjon og nettkapasitet enn det som finnes i Noreg i dag.

Det kjem fleire signal frå politisk hald at det i åra framover vil bli teke avgjersler sentralt om kor kraftproduksjon skal gå føre seg, dersom ikkje fleire kommunar opnar opp for kraftproduksjon lokalt. Berre no nyleg, i skriftleg svar på spørsmål i Stortinget , svarar til dømes Olje- og energiministeren følgjande 8. april i år: «I forslaget til revidering av statlige planretningslinjer for klima og energi som nå er på høring, er det tatt inn følgende formulering: Kommunene bør legge til rette for mer fornybar energiproduksjon og avklare behovet for areal til vindkraft og solkraft. <…> Kommuner som ønsker nytt forbruk også bør ta et ansvar for å tilrettelegge for ny produksjon <…>». Dette tyder på at det framover vil liggje ei forventning til at kommunar som treng meir kraft bidreg med kraftproduksjon.

På Bømlo er det allereie kartlagt eit større kraftbehov neste ti år. I tillegg er me store på sjøfart, me har mange skip som i framtida vil trenge drivstoff som det vil krevje mykje straum å produsere, slik som ammoniakk og metanol. Næringslivet på Bømlo vil altså trenge meir kraft i åra framover, og det betyr at me vil bli utfordra på å legge til rette for ny produksjon for å få krafta me treng.

På Bømlo er problemet, som forklart innleiingsvis, to-delt:

  1. Det er ikkje nettkapasitet til mindre utvidingar eller etableringar i næringslivet (alt frå 1 MW og opp får nei)
  2. Når nettkapasiteten ein dag vert styrka, er det lite kraft i ovanliggjande nett, då det er eit varsla kraftunderskot i Sør-Noreg frå 2027

Løysingane for å sikre nok nett og kraft er ikkje enkle og beint fram. Det er viktig at alle som tek avgjersler kjenner godt til dei avgrensingane og dei moglegheitene som ligg i høve lokal kraftproduksjon.

  • Dei fleste som treng kraft treng mindre forbruk. Meir enn 1 MW, men mindre enn 5 MW. Desse små forbruka utløyser ikkje større nettutbyggingsprosjekt, og om dei gjer det, vert kostnaden for tilknyting svært høg for desse bedriftene som treng litt kraft.
  • Eit mindre sol- eller vindkraftanlegg i eit industriområde, vil kunne få ned prisen på kraft for bedrifter i området. Det vil derimot ikkje sikre meir kraft til næringslivet, då Statnett ikkje vil godkjenne ny tilknyting utan at det er nok kraft i ovanliggjande nett.
  • Ein produksjon som er spreidd og tilpassa kapasitet i eksisterande linjer kan ha eit positivt bidrag på kraftproduksjon til kommunen, og hjelpe til å holde nettleiga nede.
  • Eit større kraftproduserande anlegg, vil kunne utløyse nettutbygging frå Bømlo til regionalnettet. Prosjekt som gjer kraft inn på distribusjonsnettet får prioritet i sakshandsaminga hos NVE, og vil gje raskare nettutbygging til vår kommune.
    • Bedrifter på Bømlo vil framleis måtte søke om kraft og stå i kø for få tilgang til kraft, men anleggsbidraget ei bedrift må betale for tilknyting vil bli vesentleg lågare, og nettleiga til innbyggjarane i kommunen vil bli lågare enn utan ein større kraftprodusent. Baksida er at slik energiproduksjon vil gje større naturinngripen og klimaavtrykk, areal og linjer vil bli godt synleg, noko som er tilfelle for all kjent kraftproduserande teknologi.

Samstundes er det slik at Bømlo Næringsråd har medlemsbedrifter som treng kraft, men me har òg medlemsbedrifter innan til dømes berekraftig landbruk, reiseliv og fiskeri som vil oppleve negative ringverknader av arealbruk til kraftproduksjon på land eller sjø. Det er mange omsyn som skal takast i høve ulike interessentar, og det er svært viktig at ein har fokus på å ha minst mogleg naturinngripen og fotavtrykk, både for ulike næringslivsaktørar og innbyggjarar, samstundes som ein peikar på kor ulik kraftproduksjon, alt frå bølgjekraft til sol, vind på land, havvind i utsette kyststrok, kjernekraft mv. skal kunne gå føre seg.

Bømlo Næringsråd tilrår med bakgrunn i dette at Bømlo kommune rullerer KPA-en med fokus på energiproduksjon snarast råd er etter at planen som no er ute til høyring vert godkjend. Det bør vere eit mål å finne løysingar for kraftproduksjon på Bømlo, der ein oppnår gevinsten med at utbyggjar(ar) av kraftproduksjon tek større delar av kosten for etablering av naudsynt nettkapasitet til regionalnettet. Det bør òg vere eit mål å finne løysingar som har minst mogleg inngripen i natur. Me tilrår at Bømlo kommune ser nærare på moglegheita til å regulere areal for kraftproduksjon, alt frå sol, vind på land, havvind i utsette kyststrok, bølgjekraft, kjernekraft mv.

Slik stoda er, bør kommunen i forkant, eller samstundes med dette arbeidet, oppdatere kunnskapsgrunnlaget ein har om sårbar natur, fuglar og dyreartar, samt konsekvensar med å byggje ned natur som påverkar desse. Særleg bør ein trygge kystlyngheia med klokkelyng/purpurlyng, som finnes her på Bømlo (ein av få plassar i heile verda), saman med fagerrogn og kystregnskog. Dette vil vere eit viktig verktøy i kommuneplanlegginga for å ivareta områder med stort biologisk mangfald, og hindre skadelege inngrep og aktivitet i desse områda, og samstundes gje Bømlo kommune eit godt verktøy i den framtidige arealplanlegginga.

Bømlo Næringsråd meiner det er viktig at Bømlo kommune framover legg til rette for å henta ut gevinstane frå alle dei investeringane kommunen har gjort i dei ulike næringsområda, både for at eksisterande næringsliv skal kunne vekse og utvikle seg, og ikkje minst tiltrekke seg nye næringar til kommunen. Dette krev at kommunen har ein offensiv plan for større energiproduksjon i kommunen, for å få prioritet i nettutbygging, og for å redusere kostnader for næringsliv og innbyggjarar. Eit slikt arbeid vil òg gje eit viktig signal til næringslivet om at det vert jobba målretta og systematisk med å legge til rette for meir kraft og nettkapasitet til næringslivet i framtida, gjennom opne, demokratiske prosessar.

Sjå alle nyhende