Høyringssvar frå jord- og landbruksnæringa, kommuneplanen sin arealdel (KPA)
Bømlo Næringsråd har sendt inn høyringssvar til kommuneplanen sin arealdel for jord- og landbruksbedriftene som er medlem i næringsrådet. Her kan du lese heile høyringssvaret vårt.
Tida me lever i har eit høgt fokus på berekraft, og det å ta vare på naturen er viktigare enn nokon gong før. Føringar kjem frå internasjonale avtalar, frå EU, Stortinget og Regjeringa, men tiltaka må utførast lokalt, i kvar enkelt kommune. For å redusere press på sårbar natur, og unngå å byggje ned næringsareal som kan nyttast til matproduksjon, er det no eit stort fokus på å unngå å byggje ned natur, og gjenbruk og sambruk av areal.
På Bømlo er me eit stykke på veg til å vere sjølvforsynt med lokalprodusert mat frå jord- og landbruket, men me er ikkje i mål. Det er difor viktig å legge til rette for vekst og utvikling i denne næringa lokalt. Alt område i kommuneplanen sin arealdel som er merka LNF, er i utgangspunktet potensielt næringsareal for ei berekraftig utvikling og vekst i jord- og landbruksnæringa i vår kommune. Me har difor gått gjennom KPA-en for Bømlo kommune, og her følgjer Bømlo Næringsråd sitt høyringssvar til KPA-en, med fokus på jord- og landbruksnæringa.
Trygge matjorda, dyrka og dyrkbar mark i Bømlo kommune
På Bømlo er prosentandelen av matjord liten, og ressursen er dermed svært sårbar for inngrep. For å leggje til rette for vidare utvikling og vonleg vekst i den lokale jord- og landbruksnæringa, er det viktig at det vert teke vare på både dagens dyrka mark, og dyrkbar mark, slik at denne kan nyttast til matproduksjon i framtida. I tillegg er det moglegheiter å dra nytte av u-utnytta dyrkbar mark, ikkje berre til rein jordbruks, og landbruksnæring, men òg for å utvikle konsept innan agroturisme, og kanskje legge til rette for etablering av fleire mindre gardsbruk, som kan vere attraktive for tilflyttarar, og då kanskje særleg dei som ikkje har tilknyting til kommunen frå før.
Bømlo Næringsråd registrerer at Bømlo kommune tek vern av natur og matjord på alvor i samfunnsdelen og i føresegnene i KPA-en. I samfunnsplanen står det mellom anna at «Ved utbyggingsprosjekt bør ein unngå nedbygging av matjord, men der matjord og beiter vert råka, må tilsvarande areal bli erstatta med ny matjord til same grunneigar». I føresegnene i KPA-en kapittel 2.6.2, følgjer kommunen opp dette med at «I alle typar plan- og byggjesaker som inneber føremålsendring og omdisponering av dyrka eller dyrkbar mark, skal det krevjast matjordplan». Me synes det er bra at kommunen tek dette på alvor, og har det som del av forslaget i KPA-en. For å sikre at planen vert etterlevd, ønskjer me å leggje til eit punkt 3 i føresegna, kapittel 2.6.2:
Fysiske inngrep i areal for landbruk, må dokumenterast nøye i sluttfasen på kvart einskild prosjekt, for å verifisere at inngrep ikkje overskrid opphaveleg godkjend plan.
Betre planar for gjenbruk og ombruk av utbygd/bebygd areal – i staden for å bygge ned urørt natur
Det går føre seg ei klimakrise som påverkar oss alle, og kvar kommune må gjere sitt til å redusere inngripen i natur. Vestland fylkeskommune skriv i sin regionale plan for klima at «Vi utviklar ein arealpolitikk som bidreg til eit arealnøytralt fylke, der allereie utbygde areal vert prioritert brukt i staden for å byggja ned natur, dyrka og dyrkbar mark.»
Me oppmodar difor Bømlo kommune å styrka fokus på gjenbruk og sambruk av bygg og areal, utviding av eksisterande vegnett og infrastruktur for fortetting i eksisterande felt, heller enn å byggje nytt i urørt natur.
- Det offentlege leiger innimellom bygg frå private aktørar. I anbodskonkurransar der kommunen leiger bygg, bør det offentlege stille krav om og/eller premiere, gjenbruk og oppgradering av eldre bygningsmasse, heller enn nybygg. Dette reduserer både inngripen i areal, og har og positive ringverknader, som å gje visuelle løft av bygningsmasse i kommunen.
- Nyleg er det vedteke fleire byggjefelt nær kommunesenteret i urørt natur, samstundes som det er ei BUS-tomt utan noko planar eller aktivitet i same område. Her burde kommunen teke ei meir aktiv rolle i å styre gode initiativ inn mot ledige areal, kor store inngrep i naturen allereie er gjennomført, for å etterleve regional plan for klima.
- Det går for tida føre seg debattar om energiproduksjon i kommunen av ulikt slag, og i ulik skala. Nasjonalt er det høgt trykk på å auke energiproduksjonen i Noreg, og med framskrivingar som peikar på kraftunderskot i Sør-Noreg om få år, vil nok trykket frå sentrale mynder auke.
Slik stoda er, bør kommunen snarast oppdatere kunnskapsgrunnlaget ein har om sårbar natur, fuglar og dyreartar, samt konsekvensar med å byggje ned natur som påverkar desse. Særleg bør ein trygge kystlyngheia med klokkelyng/purpurlyng, som finnes her på Bømlo (ein av få plassar i heile verda), saman med fagerrogn og kystregnskog. Dette vil vere eit viktig verktøy i kommuneplanlegginga for å ivareta områder med stort biologisk mangfald, og hindre skadelege inngrep og aktivitet i desse områda, og samstundes gje Bømlo kommune eit godt verktøy i den framtidige arealplanlegginga.
Samstundes må kommunen sikre at det vert arbeida systematisk med effektiv arealplanlegging framover med fokus på bustadutvikling og vekst i innbyggjartal, næringsutvikling og på same tid ta vare på naturverdiar og legge til rette for vekst- og utvikling i jord- og landbruksnæringa. Bømlo Næringsråd tilrår difor at følgjande aktivitetar vert starta opp snarast råd er:
- Bømlo kommune må prioritere å lage ei oppdatert kartlegging av det biologiske mangfaldet for heile Bømlo.
- Bømlo kommune bør søkje midlar til , og gjennomføre, planvask for å ta vare på naturverdiar i kommunen, og særleg ha fokus på korleis ein kan utvikle Bømlo både for innbyggjarar og næringsliv, utan at det får for store konsekvensar for naturen, jord- og landbruksnæringa.
- Bømlo kommune sin landbruksplan frå 2007 bør fornyast. Omgrepet kjerneområde for landbruk er mangelfullt og dekker på ingen måte opp alle aktive jordbruksmiljø på Bømlo. I tillegg må dei styrka krava om å ta vare på naturen, alt frå regionale planar til internasjonale avtalar, konkretiserast i denne.