Høyringssvar til Bømlo kommune sine retningslinjer for sal og skjenking av alkoholhaldige drikkevarer
Me viser til Bømlo kommune si høyring av dei nye retningslinjene for sal og skjenking av alkoholhaldige drikkevarer for perioden 2024–2028.
For dei som driv innan serveringsbransjen er det heilt avgjerande å ha føreseielege rammer somsikrar ei god og trygg drift. Bømlo har og eit stort potensiale for å bli ein meir synleg og attraktiv reiselivsdestinasjon. Med den vakre naturen og ei rik historie, ligg det godt til rette for å utvikle både eksisterande og nye reiselivsdestinasjonar som kan tiltrekkje turistar og styrke kommunen som ein attraktiv plass å besøkje og bu i.
I dette høyringssvaret har me difor samla innspel og forslag til forbetringar frå våre medlemsbedrifter, som me håpar vil styrkje både det alkoholpolitiske arbeidet og næringsutviklinga i kommunen.
Generelle tilbakemeldingar om ei meir kontinental tilnærming til skjenking
For at Bømlo skal kunne konkurrere med andre reisemål, er det viktig at retningslinjene for sal og skjenking av alkoholhaldige drikkevarer har eit fleksibelt rammeverk som er tilpassa reiselivsnæringa. Ein kontinental tilnærming til skjenking, som til dømes å tillate servering av alkohol til lunsj på spisestader i kommune- og delsentra, vil kunne gjere kommunen meir konkurransedyktig i kampen om turistar.
Ei meir kontinental tilnærming til skjenking vil òg legge til rette for vidare utvikling av
serveringsstadar, og gjere det meir attraktivt for nye aktørar å etablere seg i kommunen. Dette vil styrkje kommunen som ein attraktiv plass å leve å bu, då me treng serveringsstadar og sosiale møteplassar i kommune- og delsentra. I tillegg er det viktig med gode og funksjonelle løysingar for gjennomføring av kurs- og konferansar for næringslivet.
Hotellkonsept (punkt 6.3.3)
Tidlegare hadde retningslinjene eigne vilkår for skjenking på hotell, som no har falt ut utan nærare drøfting. Me føreslår at desse vilkåra vert gjeninnført under punkt 6.3.3. Dette er viktig for å sikre at potensielle nye aktørar innan næringa kan operere under klare og føreseielege reglar.
Også unntaka frå skjenkereglane i gjeldande retningslinjer punkt 6.11 (to kulepunkt) bør koma inn under nye punkt 6.3.3.
Løyve ved arrangement med over 250 deltakarar (punkt 7.1.3)
I punkt 7.1 (Enkeltløyve for arrangement) står det at skjenkestyrar og reservestyrar må ha godkjent kunnskapsprøve ved arrangement med over 250 deltakarar. Me meiner at dette kravet vil gjere det vanskeleg for ikkje-kommersielle aktørar å arrangere til dømes quizkveldar, konsertar og jubileumsfestar som ofte ligg rundt 200-300 deltakarar. Desse arrangementa er avhengige av dugnadsinnsats, og det er få som vil ta på seg dette ansvaret om dei må ta ei slik prøve. Me føreslår at denne regelen blir justert slik at den ikkje får negative konsekvensar for frivillige arrangement.
Skjenking ved kulturarrangement (punkt 7.1.4)
Kulturarrangørar har uttrykt behov for fleksibilitet når det gjeld skjenking ved opne arrangement, slik som t.d. ved framsyningar i kulturhuset og servering knytt til arrangement i Tollhagen og i Moster Amfi. Her er det ofte snakk om servering før og etter framsyningar som er opne for alle aldersgrupper, der dei under 18 år er i følgje med vaksne. Dette punktet er litt vanskeleg å tolke slik som det er no. Er det ok med skjenking så lenge hovudmålgruppa ikkje er barn og unge? Eller gjeld det så lenge barn og unge er til stades?
Gebyra for enkeltløyve (punkt 8.2)
Den foreslåtte auken i gebyr til 6 100 kr for enkeltløyve med meir enn 200 personar er svært høg og vil legge eit stort press på arrangement spesielt for frivillige lag og foreiningar. Me ber kommunen revurderer gebyrstrukturen og oppretthalde låge satsar som ikkje er til hinder når aktørar ønskjer å skape treffplassar for større folkemengder.
Sakshandsamingstid (punkt 9.1)
Når det gjeld sakshandsamingstidene som er føreslått i dei nye retningslinjene, ser me at fleire av desse er utvida, noko som i praksis vil kunne føre til lengre ventetid for aktørar. Dette er ein reduksjon i kommunen sitt ambisjonsnivå for effektiv forvaltning av alkoholpolitiske saker. I tillegg har me erfaring med at sakshandsamingstida kan variere stort, og me opplever at ei meir konsekvent og effektiv sakshandsaming er nødvendig for å oppretthalde ein god dialog mellom kommunen og aktørane. Dette bør takast med i vurderinga før vedtak blir gjort.
Avslutningsvis
Bømlo Næringsråd synes det er flott at kommunen har retningslinjer for alkoholservering, og er opptekne av at skjenking skal føregå innanfor kontrollerte, rettvise rammer, med likebehandling for ulike aktørar. Retningslinjene bør legge til rette for positive opplevingar for næringsliv, innbyggjarar og besøkjande.
Takk for at me fekk kome med innspel.
Mari Pedersen Totland
Dagleg leiar (konst.), Bømlo Næringsråd