Høyringssuttale E134 arm til Bergen
Bømlo Næringsråd har sendt inn høyringsuttale til SVV på KVU 134 arm til Bergen. Her kan du lese høyringssvaret vårt i sin heilskap.
Bømlo Næringsråd takkar for høvet til å spele inn høyringsuttale på KVU E134 arm til Bergen, og ønskjer å gje våre merknadar til den endelege konklusjonen.
Først vil me minne om at Samferdsledepartementet føreset at Hordfast ligg inne som ein del av grunnlaget for denne KVU-en. Hordfast og Bokn – Bømlafjorden må difor ha høgste prioritet.
Vidare meiner me det er naturleg at gjenbruk av dei store investeringane som er gjort mellom Bergen og Os saman med Hordfast må gjevast stor vekt når ein vel konsept for arm til Bergen. Etablerte vegar med stor kapasitet må nyttast.
Som KVU-rapporten sjølv peikar på, legg alternativ 4a, 4b og 5 best til rette for regionale tilhøve og har større påverkande på regional utvikling enn dei andre alternativa. Å knyte Sunnhordland tettare saman, vil vere avgjerande for regionen si utvikling framover.
Bømlo Næringsråd meiner at alternativ K4a/4b, som òg er dei rimelegaste alternativa, er løysinga ein bør gå vidare med. Ei slik løysing vil styrkje Vestlandet, binde Vestlandet tettare saman, og Vestlandet og Austlandet tettare saman.