Næringsrådet på besøk hos Eidesvik Havfiske

bilde

Næringsrådet sitt styremøte i november var hos Eidesvik Havfiske. Her fekk styret høyre Aina Helen Eidesvik fortelje historia til selskapet, deira satsingsområde, og korleis dei arbeider for miljø og berekraft i alle ledd.

Eidesvik Havfiske er ei familiebedrift eigd av fire brør, som vart etablert av far deira tilbake i 1966, og tel i dag omlag 70 tilsette. Selskapet har eige settefiskanlegg, tre fiskebåtar, og ein bløggebåt som dei eig saman med tre andre. I tillegg er dei inne på eigarsida i Hardanger Seafood, og er ein av initativtakarane og pådrivarane bak Bømlo Fiskerihavn.

- Me har fokus på miljømessig og økonomisk drift. Blant anna har me investert i ein hybrid brønnbåt og eit moderne slakteri. I tillegg har me sirkulering av vatn på RAS anlegget, og brukar landstraum på oppdrettsanlegg og kaiar, fortel Aina Helen Eidesvik. Framtida til Eidesvik Havfiske er lys, med positive framtidsutsikter spesielt på den pelagiske marknaden, fortel Aina avslutningsvis.

Styret hadde mange oppfølgingsspørsmål, og nytta høvet til å få meir kunnskap om det som føregår innan både havbruks- og fiskerinæringa. Me takkar Eidesvik Havfiske for at me fekk komme på besøk og lære meir om bedrifta og næringane dei driv innan.

Sjå alle nyhende