Heim igjen: Hilde og Kåre fann vegen tilbake til Bømlo
Å flytte heim til Bømlo har blitt eit godt val for mange som søker nærleik til familie, ein god bustadmarknad og eit lokalsamfunn i vekst. For Hilde og Kåre, begge tilsett på Siemens Energy, blei «Heim igjen»-arrangementet og sterke band til heimstaden avgjerande faktorar for å starte eit nytt kapittel på øya.
Hilde fann draumejobben på «Heim igjen»
Hilde Rolfsnes hadde nettopp flytta heim til Bømlo frå Bergen saman med sambuaren sin då ho deltok på «Heim igjen» for to år sidan. Ho var i permisjon, leita etter jobb og såg på arrangementet som ein unik moglegheit til å komme i kontakt med næringslivet på øya.
– Eg hadde sett meg ut Siemens Energy på førehand, fortel Hilde. – Eg sette meg ved bordet deira, blei invitert til omvising og fekk seinare tilbod om å søke sommarjobb. Eg har vore innleigd via Adecco der sidan, og no over nyttår går eg inn i fast jobb som dokumentkontroller.
For Hilde var «Heim igjen» avgjerande for å skape direkte kontakt med bedrifta.
– Eg visste kven Siemens var, men arrangementet gjorde det lettare å bygge relasjonar. Det ga også eit godt oversyn over kva arbeidsmoglegheiter som finst på Bømlo. No trivst ho godt i stillinga som dokumentkontroller, etter fleire år med liknande arbeid i Bergen. – Arbeidet er spennande, og eg set stor pris på det gode arbeidsmiljøet.
Hilde oppmodar andre som vurderer å flytte heim om å delta på «Heim igjen»:
– Ein må tore å komme seg litt ut. Næringslivet på Bømlo er utruleg bra, og kulturlivet har utvikla seg mykje sidan eg vaks opp. Det finst aktivitetar for både store og små – frå babysvømming til yoga, korps og anna idrett.
Kåre fann heim igjen i både jobb og kvardag
Kåre Innvær hadde jobba i Siemens Energy i Trondheim som mekanisk ingeniør i mange år før tanken om å flytte heim begynte å melde seg. Det vart værre og værre å reise i frå Bømlo etter å ha vore heime på ferie, og då både han og sambuaren kjem i frå Bømlo, vart det naturleg for dei å søke seg heim igjen. I tillegg såg han og sambuaren på moglegheita for å bygge hus – noko som ikkje er like lett i byen. – Me saumfarte heile øya før me fann ei tomt på Anskot. No er grunnmuren på plass, og me flyttar inn til sommaren.
For Kåre handlar livet på Bømlo om nærleik – til familien, til sjøen og til naturen.
– Her har me tilgong på rorbu, me bur tett på familie og det er eit tempo som er litt rolegare. Eg trudde eg kom til å sakne langrennsløypene i Trondheim, men langrennsløypene i Fjellgardane er eit veldig godt alternativ. Samtidig er Bømlo sentralt plassert samtidig som det er litt avsidesliggande, seier Kåre. Kåre er også imponert over aktivitets- og kulturtilbodet på øya, som han meiner har utvikla seg stort dei seinare åra. Han og familien er blant anna hyppige brukarar av symjehallen og Bømlo Kulturhus.
Råd til andre som vurderer å flytte heim
Både Hilde og Kåre ser lyst på framtida på Bømlo. Dei meiner meir kan gjerast for å vise fram alt øya har å by på: – Aktivitetar for å ta imot tilflyttarar, felles arrangementkalender og fleire opne dagar hos bedriftene ville gjort mykje, meiner dei. Dei meiner og at det beste tilflyttarar og heimflyttarar kan gjere når dei kjem til Bømlo er å ta steget ut av komfortsona og melde seg på aktivitetar og det som skjer i bygda.