Heim igjen 2024

bilde
Foto: Inga Pedersen Totland

Årets "Heim igjen"-arrangement fann stad i går i det gamle biblioteket på Bømlo Storsenter. Her var nærare 60 deltakarar og 10 bedrifter samla for nettverksbygging, god mat, hyggjelege samtalar og ein uhøgtideleg quiz.

Minglinga starta med ein gong folk kom, akkompagnert av ein aperitiff. Etter kvart ønska leiar i næringsrådet, Mari, og medarrangør Tove Sortland velkommen, og dei presenterte alle bedriftene som var med. Etter å ha fått litt meir informasjon om kva bedrifter som var til stades fekk deltakarane sjansen til å mingle vidare. I år fekk deltakarane utdelt eit bingoark, og dei måtte innom kvar stand og finne ut kva bedrift dei ulike påstandane høyrde til – ein kjekk og uformell måte å bli betre kjend med bedriftene på!

Praten gjekk livleg heilt til me måtte avbryte for å få alle til bords. Anita Morlandstø frå Bømlo Storsenter og teamet på Hi Sio hadde gjort ein flott jobb med å rigge til med lyslenker og gjere lokalet koseleg, og maten dei serverte vart godt tatt i mot.

Etter middag vart deltakarane tilfeldig delt inn i lag og fekk bryne seg på ein quiz som omhandla både Bømlo, arbeidsliv, jul og musikk. Det vart god stemning utover kvelden, og det viser kor kjekt det kan bli å samle tilflyttarar, lokale bømlingar og dei som vurderer å flytte heim att til ei slik samling, der ein kan treffast, snakkast og få eit innblikk i kva som rører seg på Bømlo.

Tusen takk til alle som kom, til bedriftene som deltok og til Anita, Hi Sio og alle som bidrog til at kvelden vart vellykka.

Sjå alle nyhende