75 deltakarar på Heim igjen 2023

bilde

21. desember arrangerte me "Heim igjen - Bømlo" på Hi Sio, der bømlingar som studerer eller jobbar vekke, som snart skal ut og studere, andre som vurderer å flytte hit, eller folk som nyleg har flytta hit og er på leit etter jobb fekk møte det lokale næringslivet. Me er veldig glade for at at heile 75 deltakarar og 12 bedrifter vart med på årets utgave av Heim igjen, som er den andre i rekka.

Bedrifter som deltok var ⁠Bømlo Kommune, Bremnes Seashore, Eidesvik Offshore ASA, Embicon, Finnås Kraftlag, Marine Profile, Matre, Scale AQ, Siemens Energy, SMART Automation, Taxi 08181, Wärtsilä.

I år starta arrangementet oppe på Ståvo, i gamle biblioteket. Her stod 12 bedrifter klare på kvar sin «stand» då deltakarane kom. Då alle deltakarane var på plass starta Ordførar Morten Helland med å ønskje velkomen. Etterpå tok prosjektleiar i Bømlo Næringsråd, Mari Pedersen Totland, og medarrangør Tove Sortland til for å introdusere næringslivet på Bømlo, og fortelje kort om alle bedriftene til stades.

Jo Marius Bøyum, nyleg tilflytta bømling, fortalde kort om korleis han gjekk fram for å få jobb på Bømlo. Vidare fortalde Tove om korleis ho gjekk fram for å skaffe seg eit internship på Bømlo. «Min oppfordring til dykk er å vera frampå, det skadar aldri å prøve, og man får aldri dei moglegheitane ein ikkje prøver på. Bedriftene i dag er her for dykk, og dei ønskjer at akkurat dykk skal komma tilbake!» avslutta ho.

Mari hadde så ein avslutning der ho fortalde litt om korleis livet er på Bømlo når ein først har flytta heim, om alt ein kan gjere på her. «Neste steg etter heim igjen, er å ta del i U37-gruppa me har etablert her på Bømlo. Då får ein moglegheit til å treffe andre unge i næringslivet og utvikle nettverket sitt på Bømlo». 

Deltakarane fekk etterpå ein liten time til å oppsøke bedrifter dei ønska å bli betre kjende med. Det var stort trafikk i stand-området, og fleire av bedriftene fortalde at dei hadde fått kontakt med relevante kandidatar. Etterpå blei alle losa ned til HiSio, der det var tid for mat og vidare mingling. 

Med alle som representerte bedriftene, var det omtrent 100 stykker til bords. Her fekk deltakarane snakka vidare med gamle og nye kjente, og nokon brukte tida godt til å sitte saman med dei bedriftene ein var ekstra interessert i etter minglinga. Både deltakarar og bedrifter blei igjen på HiSio i fleire timar, og i år som i fjor satt dei mest ivrige deltakarane igjen til over midnatt.  

Me er utruleg takksame for at bedrifter stiller opp for å møte deltakarar på Heim igjen! Ønskjer di bedrift å vere med på Heim igjen 2024? Ta kontakt med Mari på mari@bomlonr.no.

Foto: Tiril Kvarven

Sjå alle nyhende