Handlar me lokalt, aukar me attraktiviteten til Bømlo
2023 er eit svært krevjande år for handels- og servicenæringa på Bømlo. Høge straumprisar i vår prisregion gjer den dageleg drifta langt dyrare her, enn hos konkurrentar i andre prisområde. Høge kostnader hos forbrukarane gjer i tillegg at dei fleste av oss handlar mindre. Samstundes peikar tilflyttarstrategien på, at handel- og servicenæringa er ein viktig faktor når det kjem til å vere ein attraktiv stad å bu. Me i næringsrådet laga difor eit lesarinnlegg til lokalavisa for å sette lys på kor viktig det er å handle lokalt. Dette kan du lese her.
Næringslivet på Bømlo har i år finansiert eit større arbeid med ein tilflyttarstrategi til Bømlo. Bakgrunnen for arbeidet er at nærings- og arbeidslivet ikkje får tak i kompetansen som trengs. Meir enn 50 ulike yrke, som til dømes ulike fagarbeidarar, ingeniørar, sjukepleiarar, økonomar og lærarar får me ikkje tak i nok av her på Bømlo. Eller i regionen for den saks skuld.
Fleire bedrifter melder om at kompetanse som flyttar til Bømlo, men som ikkje er herifrå, ofte flyttar vekk igjen etter få år. I Bømlo-Nytt i dag finn du ei brosjyre som gjer ni gode råd om kva me som innbyggjarar kan gjere, slik at Bømlo blir ein meir attraktiv stad å flytte til og bli verande.
Eitt av punkta handlar om å handle lokalt. I følgje tilflyttarstrategien som er utarbeida, bidrar nemleg handelsnæringa til at me har ein meir allsidig arbeidsmarknad i kommunen vår, den gjev gode opplevingar og møteplassar, og er med på å auke attraktiviteten til Bømlo som stad å bu.
2023 er eit svært krevjande år for handels- og servicenæringa på Bømlo. Høge straumprisar i vår prisregion gjer den dageleg drifta langt dyrare her, enn hos konkurrentar i andre prisområde. Høge kostnader hos forbrukarane gjer i tillegg at dei fleste av oss handlar mindre. Næringa kan ikkje leggje dei auka kostnadane på utsalsprisen, for då vil me som forbrukarar finne rimelegare løysingar andre stader. Me er flinke å handle lokalt, men i desse dagar er det altså enno viktigare enn før.
Bømlo Næringsråd oppmodar difor alle til å bruke dei handels- og servicetilboda me har over heile kommunen vår. På denne måten tryggar me lokale tilbod, arbeidsplassar og møteplassar. Og klarar me å halde på og utvikle tilboda me har, vil gjerne fleire, kanskje òg framtidige tilflyttarar, ta sjansen på å etablere nye, gode tilbod til oss i vår kommune.
Dette vil vere med å auke attraktiviteten til Bømlo, gje næringslivet auka tilgang på kompetanse, og vonleg folketalsvekst og positive folketalsframskrivingar i åra som kjem. Og hugs, mange av våre medlemsbedrifter har nettbutikk.
Med ønskjer om ei fin førjulstid frå oss i Bømlo Næringsråd.