Årets siste frukostmøte
Det siste frukostmøtet i regi av Bømlo Næringsråd for 2024 blei arrangert hos Finnås Kraftlag i går. Med fullteikna arrangement og god frukost vart det ein god start på dagen, der viktige tema for næringslivet på Bømlo blei løfta fram.
Oppsummering og takk frå næringsrådet
Dagleg leiar Mari Pedersen Totland opna møtet med å oppsummere året som har gått. Mari nytta høvet til å takke hovudsponsorane og prosjektsponsorane for støtta dei har gitt. Desse samarbeidspartnarane har vore avgjerande for at næringsrådet har kunna gjennomføre dei mange prosjekta og aktivitetane i år. I år har næringsrådet hatt særleg forkus på prosjekt under tema tilflytting, heimflytting og Bømlomodellen. I tillegg har næringsrådet brukt mykje tid på politiske saker som har påverka medlemsbedriftene og engasjert næringslivet på Bømlo. Avslutningsvis vart Ragnfrid Sønstabø introdusert. Ragnfrid tek over som dagleg leiar frå nyttår.
Kraftsituasjonen: Ein felles utfordring
Finnås Kraftlag, med administrerande direktør Tor Bjarne Smedsrud, sette så søkelyset på den krevjande kraftsituasjonen i regionen. Som ei av dei mest energikrevjande næringsregionane i landet, står Bømlo og Sunnhordland overfor store utfordringar knytt til auka etterspørsel og avgrensa kapasitet i kraftnettet. Dette påverkar ikkje berre privatpersonar, men òg konkurransekrafta og utviklinga for næringslivet.
Beredskapskoordinator Rune Nesse følgde opp med å minna om betydinga av eigenberedskap. Han oppmoda både bedrifter og privatpersonar til å vere budde på situasjonar der straumtilgangen kan bli avbroten eller redusert.
Takk for i år
Bømlo Næringsråd takkar Finnås Kraftlag for gjestfridomen og alle som deltok for å gjere det siste frukostmøtet i 2024 til ein suksess. Sjølv om dette var det siste frukostmøtet i år, har me fortsatt nokre arrangement igjen - dei finn de her.