Folkefest på Moster

bilde
Foto: Peter Tubaas

Siste helga i mai vart det markert at det er 1000 år sidan Olav Den Heilage innførte Kristenretten på Moster. Tusenårsjubileet Moster 2024 samla besøkande og flotte gjester frå både inn- og utland!

⁠Me er utruleg stolt over medlemsbedriftene våre Moster 2024 og Moster Amfi for eit vel gjennomført arrangement. Bømlo Næringsråd var til stades heile veka, og bidrog med logistikk- og frivilligkoordinering, og fekk også delta på Mostrasuiten og middagen laurdag kveld. Det var kjekt å få vere med i kulissane på eit så flott arrangement med staseleg besøk av blant anna Kronprinsparet, Statsminister, Stortingspresident, biskopar, prostar, prestar, bømlingar og andre tilreisande.

Bakstehuset på Spissøy, Kulleseidkanalen Gjestehamn, Langevåg Bygdatun og Sikje Småbruk leverte fantastisk mat i matteltet gjennom heile veka. Høgdepunktet var på laurdagen då dei fekk besøk av både Statsminister Jonas Gahr Støre, og partileiar for Høgre Erna Solberg. Utruleg godt levert! I tillegg hadde Moster Amfi italiensk bakgårdsrestaurant bak Telegrafhuset, og Bømlo Teater serverte mat i Tollhagen.

Det var fleire verdisamtalar denne veka, og styret til Bømlo Næringsråd var engasjerte lyttarar på verdisamtalen med næringslivet torsdagen. ⁠⁠På scena var mellom anna Hans Petter Nesse frå Wärtsilä Norway og Gitte Gard Talmo frå Eidesvik Offshore, som delte deira tankar om verdibasert leiing, og viktigheita av dette for at dei lukkast med sine prosjekt. Veldig gode innlegg, og me er stolte over å ha så kloke og dyktige leiarar i våre medlemsbedrifter.

Søndagen var Mari med på ein verdisamtale om kva som eigentleg ligg i ordet "heim", og kva som er verdien av å vende heim, saman med Nina Matre (Bu i Sunnhordland), Bjørn Sortland (forfattar) og Emma Rolfsnes Sele (skribent). Samtalen vart leia av Jane Jünger, og det vart ein fin samtale om verdiar.

Foto: Peter Tubaas

Alt i alt var det ei fantastisk flott feiring. Me er imponert over alt arbeid som er lagt ned av Moster 2024, Moster Amfi, organisasjonar, frivillige, Bømlo Teater, Bømlo Kommune, Moster Grendautval med fleire. Det er synd det er tusen år til neste moglegheit, men me har fått utruleg mykje igjen for jubileet som vil gje oss stor verdi framover.

Sjå alle nyhende