First Lego League 2023
7. trinn ved Svortland skule satsar i haust på deltaking i First Lego League som i år har fått ny turnering her i Sunnhordland! Her kjem litt informasjon frå Svortland skule, om elevar som gjerne tek kontakt med bedrifter no framover. Håpar de tek godt i mot dei :)
"Me skal delta på konkurranse på Tysnes 11. november, noko me gler oss til etter fjorårets suksess. Då kom 7. trinn heim med pris for beste rettleiar, noko som er imponerande med tanke på at det var første gong me deltok.
I samband med deltaking skal trinnet gjennomføra eit forskingsproskjekt der temaet er «Masterpiece».
Temaet skal knyttast til lokalsamfunnet og elevane skal jobba med problemstillingar knytt til korleis ein kan nytta teknologi for å rekruttera.
Tema trur me er særs relevant for både næringsliv og organisasjonar på Bømlo, og skulen håpar difor de er positive til eit samarbeid!
Målet er at elevane skal tileigna seg relevant kompetanse i programmering, arbeide med skulefaglege kompetansemål innan matematikk, naturfag, samfunnsfag med fleire og samtundes vere med å utvikle kompetanse som er nyttig for næringsliv og andre organisasjonar.
Det er på bakgrunn av dette skulen no tek kontakt med dykk for å sjekke ut interesse for samarbeid.
Eit samarbeid vil frå skulen si side innebera at elevar tek kontakt for å høyre korleis di bedrift eller din organisasjon arbeider med teknologi og rekruttering. I fjor var me også heldige og fekk komma på fleire spanande bedriftsbesøk.
For næringslivet vil det i tillegg kunne innebera at elevar spør om sponsing.
Prosjektet har eit budsjett som inneber at me treng noko sponsing til transport på konkurransedagen.
Dersom elevar tek kontakt håpar me de kan bistå eller svare på spørsmål.
Dersom de har spørsmål til prosjektet kan de ta kontakt med underteikna (send frå din e-post Ingvild med rektor og meg på kopi). De kan også lese meir om den internasjonale konkurransen her:
https://hjernekraft.org/challenge/for-lag
På førehand takk for hjelpa!"