Finansiering av næringsrådet framover

bilde

Forrige veke inviterte styret i næringsrådet til eit medlemsmøte, for å gje ein status på arbeidet med finansiering, og prosessen fram mot tilsetting av ny ressurs, og ikkje minst forventningstyre både kostnader og prioriteringar for næringsarbeidet frå 2025. Her kjem ei oppsummering frå saker som er viktig at medlemmane våre vert kjend med.

Bakgrunn

Som mange har fått med seg, vert det endringar i næringsrådet framover, når me blir nødt å redusere aktiviteten på grunn av manglande finansiering. Styret i nærinsgrådet har på bakgrunn av dette hatt ei strategisamling, der det var full semje om at det er viktig å ha på plass ein fast tilsett dagleg leiar i Bømlo Næringsråd​.

Samstundes er det behov for å auke finanseringa frå næringslivet, for å ha ein tilsett på jobb, som har det som si viktigaste oppgåve å arbeide for næringslivet på Bømlo. Inntektssida forutset at ein doblar medlemskontigent samt får med dei største bedriftene på ein større gullkontigent for å ha råd til å tilsetje ein dagleg leiar i 100% stilling.

Dobling av medlemskontigent

På årsmøtet gav samtlege deltakarar tilbakemelding om at det var vilje til å doble medlemskontingentene for å sikre ein stilling i næringsrådet. Styret vil difor innstille på å doble medlemskontigenten frå 2025. Dersom det er medlemsbedrifter som ikkje ønskjer å vere med vidare i 2025, ber me om at dei melder seg ut innan 1. september i år.

Gullkontigent

Styret har etter strategisamlinga i mai vore i kontakt med fleire av dei største medlemsbedriftene, og fått tilbakemeldingar at dei kan bidra med ein enno høgare kontingent framover. Intensjonen er at bedriftene med gullkontigent er med i 3 år for å sikre næringsrådet føreseielegheit i drifta.

Følgjande bedrifter stiller seg positive til ein gullkontigent for å sikre ein 100% tilsett dagleg leiar: Finnås Kraftlag, Bremnes Seashore, Sparebanken Vest, Wärtsilä Norway, Siemens Energy, LOS Gruppen, Eidesvik Offshore, Fylkesnes Fisk, Smart Automation, Matre, Aasen Shipping og DNB.

Dersom fleire er interessert i å være med på ein gullkontigent, ta kontakt med styreleiar Lauritz Eidesvik.

Prioritering av oppgåver

Styret peikar på at ein må redusere aktivitetsnivået, når me no går i frå to til ein tilsette. Styret har difor satt opp ei prioriteringsliste på kva aktiviterar som må prioriterast framover. Samanliknar ein styret sine prioriteringar med svara medlemmane gav på årsmøtet, ser me at forventningane er nokså ulike. Hovudprioriteringane til næringsrådet framover vil difor dreie seg rundt samlingar, politisk arbeid og høyringssvar, tilflytting og heimflytting, samt bedriftsbesøk.

Ny dagleg leiar

Over sommaren vil styret lyse ut stillingen som dagleg leiar i næringsrådet med oppstart 1. januar 2025, forutset at medlemsbedriftene våre fortsatt er med vidare å støttar arbeidet næringsrådet gjer.

Me håpar og trur at medlemmane våre er med vidare og satsar på eit aktivit, synleg og levande næringsråd. Næringsrådet er ein viktig møtestad og ei viktig stemme for både bedriftene og kommunen vår, og ei vitkig røyst i lokale, regionale og nasjonale politiske prosessar som går.

Venleg helsing,

Styret i Bømlo Næringsråd

Sjå alle nyhende