Arbeid med etablering av Nettverk U37 Bømlo
Me har no starta arbeidet med å etablere Nettverk U37 Bømlo. I første omgong er me på jakt etter kandidatar som ynskjer å vera med i styringsgruppa.
Bømlo Næringsråd ynskjer å gjera det meir attraktivt for unge å bu og arbeide på Bømlo. For å oppnå dette, vil me skape eit fagleg og sosialt nettverk - ein arena der ein kan møtast på tvers av fag og bransjar.
Målet med nettverket er å knyta kontaktar og bygge relasjonar, gjennom faglege og sosiale samlingar. Me ynskjer og at nettverket skal vera eit talerøyr for yngre arbeidstakarar til å påverke både samfunns- og næringsutvikling på Bømlo.
Hovudmålgruppe for nettverket er tilsette i medlemsbedrifter under 37 år, men arrangementa vil vera opne for alle som ynskjer å koma. Det vil verta oppretta ei styringsgruppe med representantar frå ulike næringsområde som kan være med på å etablere og drifte nettverket. Me vil at styringsgruppa driv idèmyldring, planlegging og gjennomføring av arrangement.
Me ynskjer å dra i gong nettverket så snart som mogleg, og er no på jakt etter representantar som kan tenkje seg å vere med i styringsgruppa. Representantane må vere under 37 år, og ha eit ynskje om å gjere Bømlo til ein betre stad å bu og arbeide.
Passar du som kandidat til styringsgruppa, eller kjenner du til nokon som kunne ha passa inn? Då vil eg gjerne koma i kontakt med vedkommande. Me ynskjer i første omgong å invitere til eit uforpliktande første møte, der ein får meir informasjon om kva det inneberer å være med.
Send ein e-post til mari@bomlonr.no om det høyres interessant ut for deg, eller om du har tips til nokon eg kan kontakte.