Er Sunnhordland synlege nok i Oslo?
Sunnhordland ramlar ut frå nasjonale prioriteringslister på alt frå nettkapasitet til Hordfast. Det er mange ulike initiativ som har jobba for at desse sakene skal få prioritet, men me når ikkje opp. Difor samla Atheno Team Sunnhordland til diskusjonar på Teknologisenteret måndag 6. mai.
Team Sunnhordland er Atheno, Region Sunnhordland og næringsråd og næringssjefar i heile Sunnhordland. Denne gangen var og ordførarar, varaordførarar og kommunedirektørar invitert med på samling, og den vart gjennomført på Teknologisenteret på Rubbestadneset.
Utfordringar i Sunnhordland framover
Ordførar Morten Helland ønska velkommen, og næringsrådet innleia deretter med ein grundig presentasjon av næringslivet på Bømlo. Atheno gav ein kjapp intro til kva Team Sunnhordland er for noko, før Geopark Sunnhordland gav eit historisk blikk på næringsutvikling i Sunnhordland sidan 10 000 år f.Kr.
Etter innleiande presentasjonar fasiliterte leiar i Atheno, Astrid Kjellevold, ei drøfting om kva utfordringar Sunnhordland står ovanfor dei næraste åra. Det kom som venta mange innspel, alt frå nett- og kraftsituasjonen og Hordfast ut av transportplanen til lite føreseielege rammevilkår for oppdrettsnæringa og manglande finansiering av lokale og regionale oppgåver innan næringsutvikling.
Sunnhordland må reise oftare til Oslo
På samlinga var stortingsrepresentantane Liv Kari Eskeland (H) og Odd Harald Hovland (AP) til stades. Gjennom innlegga deira kom det fram at Sunnhordland ikkje er særleg kjent blant Stortingspolitikarar.
- Skal folk på Stortinget vite om dykk må de reise til Oslo, fleire gongar i året, og snakke med politikarane der, med engasjement og tydelege bodskap om kva som er viktig for dykk, fortalte Eskeland.
Hovland peika på at dersom Sunnhordland skal ha gjennomslagskraft i Oslo, må ein styrkja samhandlinga mellom aktørane i Sunnhordland, ha ein faktabasert argumentasjon og tydeleg prioritering og kommunikasjon av kva som er viktigast. Ein må drive lobbyverksemd, bruke nettverket ein har inn mot stortingspolitikarar, synleggjere suksessar og potensial og, som Eskeland òg poengterte, drive vedvarande arbeid.
Avsluttande diskusjonar og presentasjonar
Etter presentasjonane til stortingsrepresentantane var det ein ny runde med drøftingar kring kva me bør og må gjere som region for å få betre gjennomslagskraft. Kommunedirektøren avslutta samlinga med ein presentasjon av utfordringar i regionen frå eit kommuneperspektiv, og det var tydeleg at me må samle oss enno betre i regionen for å lukkast med å nå fram med våre behov til sentrale styresmakter framover.