Endringar i næringsrådet

bilde

Grunna den anstrengte kommuneøkonomien mister næringsrådet økonomisk tilskot frå kommunen frå 2025, og har ikkje lenger økonomi til å ha to tilsette. - Me set pris på den gode støtta me har fått frå kommunen siste åra, som har gitt oss moglegheita til å bygge opp eit aktivt næringsråd som har jobba for næringslivet i kommunen vår, fortel Eidesvik.

- Me arbeider i desse dagar med næringslivet for å sikre finansiering til ei stilling vidare, seier styreleiar Lauritz Eidesvik.

To på jobb for næringslivet på Bømlo

Det var i 2021 Bømlo Næringsråd tilsette ein dagleg leiar i fulltids stilling. Dette var mogleg som følgje av medlemspengar, koronamidlar, sponsorstøtte frå bedrifter, og utleige av tilsett til eksterne prosjekt.

I perioda 2022 til og med 2024 har næringsrådet fått eit årleg tilskot på 700 000 kr frå Bømlo kommune, som i tillegg til medlemspengar og sponsorstøtte frå gode samarbeidspartnarar, har mogleggjort to stillingar. - Den eine stillingen har vore meir eller mindre sjølvfinansiert gjennom sal av timar på eksterne prosjekt, fortel Eidesvik. - Så i praksis har me hatt 1,6 årsverk på jobb for næringslivet på Bømlo siste halvanna året, og arbeidet som er gjort har blitt lagt merke til langt utover kommunen sine grenser, fortel Eidesvik.

Eit næringsråd med høg aktivitet

Dei tilsette har arbeidd med alt frå politiske saker til samarbeid skule-arbeidsliv, nettverksmøter, konferansar, tilflytting, PR-verksemd for medlemsbedrifter, heimflytting og bedriftsmangekamp, for å nemne noko.

- Å få innblikk i alt arbeidet som blir gjort i eit næringsråd, alle trådar ein heile vegen skal ha oversikt over og følgje opp, saker ein må setje seg inn i, planar ein må lese, det har vore svært lærerikt og interessant å få betre innblikk i, seier Eidesvik. - Me kjem til å merke det når me no må redusere på aktivitetsnivået til næringsrådet framover.

Næringsråd i Noreg slit med finansiering og gjennomføringsevna

Det er ikkje berre på Bømlo finansiering av næringsrådet er krevjande å få til. I ei spørreundersøking som var gjort av Varde Hartmark blant leiarar i norske næringsforeiningar, seier nær 80 % av leiarane at det er ei stor utfordring å sikre finansiering til arbeidet i næringsråda. I tillegg viser undersøkinga at omlag 70 % av leiarane opplever å ha for lite ressursar i høve oppgåvene som skal gjerast.

- Som leiar av eit næringsråd kjenner eg meg svært godt igjen i funna Varde Hartmark har gjort i si undersøking. Me brukar mykje tid på å sikre midlar til å jobbe for næringslivet, og det krevjande å få på plass tilstrekkeleg med midlar til drifta, seier dagleg leiar i næringsrådet Nina Ingvaldsen.

I år ligg det inne i budsjettet at ein av dei tilsette må arbeide på eksternt prosjekt siste månadane av året. Og når støtta frå kommunen forsvinn, har ein ikkje råd til to tilsette frå nyttår av. - Eg har difor valgt å seie opp jobben min i næringsrådet, og frå 1. september går eg over til andre oppgåver, fortel Ingvaldsen. - Å jobbe for næringslivet på Bømlo har vore både givande og lærerikt, og eg sluttar aldri å bli imponert over dei dyktige og engasjerte medlemsbedriftene våre. Det har vore veldig kjekke år, kor eg har lært mykje om alt frå næringsliv til politiske prosessar.

Konstituert dagleg leiar frå hausten av

Når Ingvaldsen trer ut av næringsrådet, vert Mari Pedersen Totland konstituert som dagleg leiar, og tek seg av drifta framover.

- Eg er klar til å halde aktiviteten oppe, og gler meg til mykje kjekt arbeid saman med medlemsbedriftene til hausten, fortel Totland.

- I år har me fått prosjektfinansiert arbeid med heimflytting, samarbeid skule arbeidsliv og tilflytting, og dette vil vere oppgåver som har fokus ut året. I tillegg er det konferanse i september, yrkesdag for 10. klasse, og ikkje minst Heim Igjen-arrangement før jul.

Vegen vidare

- Me har i desse dagar avklaringar med nokre av dei største bedriftene i kommunen, for å lande tilstrekkeleg med finansiering til å kunne fortsette drifta med ein fulltids tilsett, fortel styreleiar Lauritz Eidesvik. - Det å ha ein person på jobb, som har det som sin viktigaste jobb å arbeide for næringslivet på Bømlo, meiner me i styret er svært viktig framover, og me får sterke signal om at medlemsbedriftene våre meiner det same.

- Det er mange politiske saker som handlar om rammevilkåra til næringslivet om dagen, der det ikkje går vegen for Bømlo og Sunnhordland, alt frå Hordfast til nettutbygging og tilbodsstruktur for vidaregåande skule, fortset Eidesvik. - Det å ha ei sterk røyst frå næringsrådet er nok minst like viktig framover som det har vore til no.

Sjå alle nyhende