Eit selskap i vekst

bilde

På seinsommaren melde Bømlo Maskin seg inn i Bømlo næringsråd. I august vart me invitert på ein kopp kaffi, og vart betre kjend med selskapet, som driv med langt meir enn grunn- og betongarbeid.

Lars Lønning sit inne på kjøkenet i ei anleggsbrakke på kaien i Hovlandshagen, saman med sambuaren Elly-Anne som driv kontoret og havbrukssatsinga, og sonen Nils-Erik som er innom og gjer førefallande arbeid i friperioden sin frå arbeid offshore. – Me er 16 fulltids tilsette i selskapet i dag og har planar om å vekse i tida framover, fortel Lars.

Starta i anleggsbransjen

Bømlo Maskin starta som eit anleggsmaskins firma i 1999. I starten var det berre Lars, ein gravemaskin og Elly-Anne. Dei vart raskt fleire, og i tillegg til å ta på seg anleggsarbeid på land, starta dei å gjere oppdrag på kaiar og i sjø. – Me leitar alltid etter dei beste løysingane på problem som kundane Bla omvåre har, og opplever at dei kjem attende til oss neste gong dei skal ha arbeid utført. Så det tek me til oss, og arbeider kontinuerleg for å heile tida gjere kunden nøgd, seier Lars, før han kjem med forslag til ein av dei tilsette på korleis dei skal løyse eit problem.

Problemløysarar

For Lars Lønning og Bømlo Maskin er problemløysarar, som har utvida sine forretningsområde med å takke ja til oppdrag som dei gjerne ikkje har gjort før. – Når me starta med oppdrettsringar, så skulle me møte ein mogleg kunde på Helgeland som trong hjelp til å samanstille ein oppdrettsring. På vegen opp til møtet, planla eg og kollegaen min korleis me skulle løyse oppgåva, og selde dette inn der. Dette enda med at me no har hatt eit samarbeid i over 12 år, og produsert meir enn 500 ringar for AkvaGroup, og fleire kundar har kome til etterkvart.

Samanstilling og montering av oppdrettsringar har blitt ei av dei store satsingsområda til Bømlo Maskin, som dei har skilt ut i selskapet Bm Aquaservice. I tillegg har Bømlo Maskin siste åra drive med redning av fartøy som havarerer. Denne forretninga driv dei gjennom selskapet Nordic Salvage, og dei har investert i beredskapsbåt og utstyr for å understøtte slike redningsoperasjonar. Mellom anna var dei sentrale i redninga av nordsjølekteren Langesund Barge utanfor Røvær, og var òg med i berginga av Helge Ingstad.

Tomter og bustader

– Me satsar òg på tomte- og bustadsutvikling på Langevåg, og ønskjer å utvikle bustad- og fritidsbustadsområde der kjøparar får moglegheita til å kjøpe båtplass, fortel Lars Lønning vidare. – Med all den aktiviteten og utviklinga som skjer på Langevåg om dagen, så har me stor tru på at fleire ønskjer å flytte hit og busetje seg, og då må me utvikle spennande bustadsprosjekt for dei som vil hit.

Kjøkenkontoret til Bømlo Maskin i anleggsbrakka på Hovlandshagen er kanskje ikkje så stort, men dei får gjort mykje arbeid herifrå, på både større og mindre prosjekt. Selskapet har ambisjonar om å bygga seg eit næringsbygg der dei kan samle heile verksemda si, og meir til. – Me har laga skisse og overordna planar om korleis dette kan bli, og håpar me kjem i gang med utviklinga av dette prosjektet om ikkje alt for lang tid, seier Lars til slutt.

Bømlo næringsråd takkar for kaffien, og følgjer spent med på den vidare utviklinga til selskapet.

Sjå alle nyhende