Eidesvik Offshore med beste Q1-resultat på sju år

bilde
Foto: Frå venstre: Finansdirektør Helga Cotgrove og administrerande direktør Gitte Gard Talmo Eidesvik Offshore.

Eidesvik Offshore publiserte i dag resultatet for første kvartal, som er selskapet sitt beste Q1-resultat på sju år. Resultatet er drive fram av ein sterk offshoremarknad og høg flåteutnytting.

Selskapet sine inntekter auka med 37 % samanlikna med same kvartal i fjor, medan driftsoverskotet (EBITDA) auka med over 142 %. Ein nøkkelfaktor som bidreg til det sterke resultatet, er selskapet si imponerande flåteutnytting på 96%, som nok ein gang plasserer Eidesvik blant dei beste i bransjen.

I løpet av kvartalet nådde selskapet si samla ordrereserve det høgaste nivået på ni år, med ein betydelig vekst på 44 %. Denne prestasjonen understrekar Eidesvik sin sterke marknadsposisjon og effektive driftsstrategiar.

Vidare, på bakgrunn av fjoråret sitt sterke finansresultat, vil Eidesvik sitt styre foreslå utbetaling av eit utbytte på 0.25 kroner per aksje på aksjonærmøtet 30. mai.

«Me er veldig glade for å vere i ein finansiell posisjon som gjer det mogleg for styret å føreslå utbytte til aksjonærane", seier finansdirektør i Eidesvik Offshore, Helga Cotgrove.

Første subsea nybygg
⁠I første kvartal utvida Eidesvik flåta si med eit topp moderne konstruksjonsfartøy. Det allsidige fartøyet er designa for å møte behova til både olje- og gassnæringa og offshore vind-industrien. Utstyrt med dual fuel metanolmotorar og eit batterihybridsystem vil fartøyet vere verdas mest miljøvennlege skip innanfor sine driftsområde. Eidesvik har i tillegg sikra seg opsjonar for ytterlegare fire fartøy.

«Eidesvik har hatt ein svært god start på året, både økonomisk og operasjonelt. Me fortsatte å levere på vår vekststrategi med eit toppmoderne subsea nybygg, og auka ordrereserva vår med imponerande 44 % i løpet av kvartalet. Dette viser vår evne til å levere førsteklasses tenester og utnytte den sterke marknaden innan alle våre operasjonssegment", seier administrerende direktør i Eidesvik Offshore, Gitte Gard Talmo. 

Sjå alle nyhende