Ei nyttig samling for reiselivet
Førre veka samla næringsrådet reiselivsbedriftene til samling i Moster Amfi. Her delte deltakarane informasjon om alt frå utfordringar til utviklingsplanar, og det vart diskutert korleis me bør gå fram for å styrkje arbeid med destinasjonsutvikling på Bømlo. - Det er viktig at me er gode på å løfte fram fyrtårna me har i regionen gjennom Visit Sunnhordland, og så må fyrtårna vere godt rusta og gode til å vise besøkjande vegen vidare til andre lokale attraksjonar, seier Bodil Haga i Moster Amfi.
- Når dei først er komen til Bømlo, er Opplev Bømlo ein god plattform for å besøkjande å finne ut kva som er i nærleiken av tilbod, og kvar ein finn dei, fortset Mari Pedersen Totland i Næringsrådet.
På samlinga vart det etterlyst at me må vere flinkare å vise fram kva aktivitetar folk kan finne på når dei er på Bømlo, og gjerne retta mot ulike målgrupper. - Det å ha eit godt innblikk i kva tilbod som finnes hos dei ulike aktørane, gjer det enklare for oss å sende turistar som kjem hit vidare til andre aktørar i kommunen og regionen, legg Nina Meldahl Olsen i Moster Amfi til.
Dei fleste reiselivsbedriftene på Bømlo er medlem av Visit Sunnhordland òg, og difor var det kjekt at dei òg hadde høve å delta på samlinga denne dagen. I tillegg var Moster Amfi, Langevåg Bygdatun, Bømlo kulturhus, A.L. Waage Landhandel/Brandasund kultur & fritid, Aasheim/Fjordtun rorbuer, Kulleseidkanalen Gjestehavn og Gullvegen Gardstun/Stormhyttene tilstades.
Overnatting var eit stort tema, og både Gullvegen Gardstun og Kulleseidkanalen Gjestehavn kunne fortelje om spennande planar. Paul Jørs i Aasheim/Fjortun rorbuer kunne fortelle at han i dag hadde 120 senger fordelt på over 20 rorbuer og leiligheiter. - Siste året har me hatt samarbeid med ein matleverandør, slik at gjestene våre har fått moglegheit til å få levert ferdig mat på døra. Det har vore ein stor suksess, fortel Jørs. - Me leiger ut på vekebasis, men òg på dagbasis, så send gjerne besøkjande til oss som ønskjer å bli ein dag ekstra.
- Det var svært nyttig og treffast slik rundt bordet, dele status med kvarandre og ikkje minst sjå nye område for samarbeid, fortel reiselivsgründer Sindre Larsen i Gullvegen Gardstun etter samlinga. Deltakarane ønska å ha slike møter jamleg framover, for å vere litt tettare på kvarandre og sjå moglegheiter på tvers.