Årets viktigaste dugnad

bilde

Denne veka er næringsrådet med på årets viktigaste dugnad, nemleg TV-aksjonen til inntekt for barnekreftforeininga.

I går var Bømlo Næringsråd og Ordførar i Bømlo kommmune samla med representantar frå Stord, Sveio, Fitjar og Kvinnherad til ein ringedugnad til næringslivet. Saman med dei andre kommunane samla me inn fleire hundre tusen til årets TV-aksjon som går til barnekreftforeininga, og med formål om å etablere fleire familiehus for barn med alvorleg sjukdom og deira familiar.

Det var kjekt å få snakke med så mange givarglade bedrifter frå Bømlo, og me er utruleg takksame for alle bidrag. Dersom nokon fleire ønskjer å bidra så ta gjerne kontakt.

 

Sjå alle nyhende