DAT inkludert i connecting Norway på OSL
No blir det enno enklare å fly når du kjem frå utlandet via Oslo til Stord, ettersom DAT vert inkludert i connecting Norway på OSL.
Dersom du kjem frå utlandet og mellom landar i Oslo med SAS, Widerøe eller Atlantic Airways kan du no bruke Domestic Transfer. Dette betyr at du ikkje treng å hente bagasjen for så å sjekke inn på nytt i Oslo, men at bagasjen automatisk blir sendt direkte til Stord.
Flyruta Stord-Oslo (og heim igjen) vart i vår ein del av FOT-ordninga, som betyr at Staten er inne og finansierer rutene. Ruta har no fått ein auke i rotasjonar, samt at prisane vert halde nede. Legg ein til at lufthamna har gratis parkering og kort reiseveg, så er dette no eit stabilt, flott og rimeleg tilbod til alle i Sunnhordland.
Sjå alle nyhende