Sterk uro for sakhandsamingstid for byggesaker i Bømlo kommune

bilde

Brev til Bømlo Kommune kring sakshandsamingstid for byggjesaker

Bømlo Næringsråd tek kontakt på vegne av medlemsbedrifter med ei sterk uro for sakshandsamingstidene på byggesak i kommunen. 

I næringa er det mindre aktivitet om dagen som følgje av høg rente og dårleg kronekurs, skepsis i marknaden, og ordrekatalogen for firma i bygg- og anleggsnæringa i Bømlo har vesentleg kortare horisont enn før. I slike tider er det ekstra viktig å raskt komme i gang når oppdrag byr seg, for å sikre omsetnad, hindre permitteringar, og halde på kompetanse. 

Når byggesaker tek for lang tid, risikerer i tillegg prosjekt auke i kostnad for kundar/byggjefirma i form av indeksregulering, som er vanskeleg å hente inn igjen. Terskelen for å spørje om eit førehandsmøte har endra seg, og får ein tak i ressursar i kommunen må dette brukast på dei mest kritiske sakene, noko som påverkar næringa framover. Bømlo blir ein mindre interessant kommune å flytte heim til, selskap kan risikerer å gå konkurs om dei ikkje får rask saksgong på viktige prosjekt, og eksterne aktørar som eig eigedom på Bømlo, og vurderer oppgraderingar, risikerer ein at heller satsar andre stader, når sakshandsaming på Bømlo tek for lang tid 

Det er diverre svært mange dømer på at sakshandsaminga tek for lang tid – her er eit lite utval: 

  • Enkel delesak av tomt i Svortland Sør. Sendt søknad 05.03.24 og fått svar 27.08.24 etter purring. 
  • Søknad om driftsbygning på Åreid, sendt 22.11.23 og enno ikkje fått svar. Har purra gjentatte gongar
  • Søknad om tre naust på Åreid i reguleringsplan. Søknad sendt 05.02.2024. Fekk svar om nokre manglar juni 2024. Desse burde blitt informert om langt tidlegare, slik at ein kunne sendt inn oppdatert søknad. 

I tillegg tek arbeidet med kommuneplanen alt for lang tid. Her har næringa vore i fleire møte, og planen skulle vore godkjend. Næringa får ikkje gått i gang med nye reguleringsplanar før ny kommuneplan er godkjent, noko som vil merkast framover. 

Næringa opplever elles å ha eit godt samarbeid med kommunen og byggesaksavdelinga, har forståing for at ting kan hope seg opp ved sjukdom på ei avdeling, og me veit kommuneøkonomien er dårleg og at folk som har slutta difor ikkje har blitt erstatta med ny kapastitet. Men når ting dreg så langt ut i tid som no, er det viktig å snarleg få på plass tilstrekkeleg med kapasitet for å få sakshandsama byggesaker som ligg inne, og gje dei tilsette på avdelinga tilstrekkeleg støtte i arbeidet. 

For å trygge næringa ønskjer me ei skriftleg tilbakemelding innan 2 veker på korleis de framover arbeider for å få ned sakshandsaminga på byggesaker, komme a jour med sakene innsendt og ein oppdatert framdriftsplan for KPA.

Vennleg helsing,
Bømlo Næringsråd

Sjå alle nyhende