Bremnes Seashore kjem på heim igjen!
Bremnes Seashore-konsernet er ein av Noregs leiande leverandørar av oppdrettslaks. Med lang erfaring, høg kunnskap om oppdrett og innovasjon i alle delar av prosessen, har dei utvikla kvalitetsprodukt som blir etterspurde over heile verda.
Ved deira topp moderne pakkeri og foredlingsanlegg på Bømlo produserer dei 500 000 laksemåltid kvar dag. Med over 600 tilsette er Bremnes Seashore ein viktig arbeidsgjevar og ein aktiv støttespelar i lokalsamfunna der dei er til stades. Verdiane deira er utvikling - truverd - arbeidsglede.
Framover vil det særleg vera behov for kompetanse innan dataanalyse, statistikk, IT-utvikling, digitalisering, berekraft og fiskehelse hos Bremnes Seashore. Vidare er det behov for yrkesfag som akvakultur/havbruk, næringsmiddelproduksjon, automasjon og tekniske fag.
Du møter Bremnes Seashore på heim igjen 2023, og ellers kan du finne dei på https://www.seashore.no/.