Ein innhaldsrik dag på Bømlakonferansen 2024

bilde

Torsdag 12. september samla det seg eit mangfald av deltakarar i Bømlo kulturhus for den årlege Bømlakonferansen. Arrangementet tal om lag 200 deltakarar frå næringslivet, politikarar, representantar frå lag- og organisasjonar, elevar frå Bømlo vidaregåande skule og andre interesserte.

Konferansen hadde i år eit ekstra fokus på berekraft, og korleis endringar ute i verda påverkar oss her på Bømlo. Det var lagt opp til eit variert program med inspirerande innlegg og moglegheiter for mingling. Konferansen blei i år som i fjor leia av Ingrid Esperø, som igjen gjorde ein framifrå jobb med å lose deltakarane og føredragshaldarane gjennom dagen.

Eirik Nitter. Foto: Kjetil Fyllingen

Vg3-elev Eirik Nitter (18) innleia med å fortelje om korleis det er å vere ung i dag under tittelen "Kor er eg, og kor skal eg?". Han peika på at for å kunne leve og bu på Bømlo, må det vere gode jobbtilbod tilgjengelege for dei unge. Dette inneber at bedriftene må ut å vise seg fram og gjere seg attraktive. Det er tross alt ungdommane som er framtida. Denne bodskapen blei godt motteken av deltakarane i salen.

Øystein Thøgersen. Foto: Kjetil Fyllingen

Etter ei sterk opning frå Nitter, var det tid for Øystein Thøgersen, rektor ved Noregs Handelshøgskule. Han delte tankar frå eit makroperspektiv om korleis globale kriser og hendingar påverkar Noreg og Vestland. Bård Sandal og Lene B. Waage frå Vestland Fylkeskommune snakka så om samarbeidet mellom fylket og kommunen, og kor viktig Bømlo er i det større bilete når det gjeld verdiskaping.

Kjetil Fyllingen og Åge Grutle. Foto: Mari P. Totland

Vidare vart det fokus på "eit annleis arbeidsliv". M. Qasim Nabi, konsulent innan organisasjonspsykologi, innleia om kva arbeidslivet må gjere for å vere attraktive for yngre arbeidstakarar, og korleis ein kan nytte sosiale medier til å nå ut til målgruppa. Etterpå var det tid for liveinnspeling av podcast, der Kjetil Fyllingen i frå Sunnhordlandpodden intervjua Åge Grutle, tidlegare diplomat og hoffsjef. Hadde hadde mange gode historiar å fortelje om eit langt og eit litt annleis arbeidsliv.

Morten Lønning. Foto: Kjetil Fyllingen

Etter ein times tid med lunsj og mingling var det tid for å bli litt betre kjend med nokre lokale bedrifter. Sindre Larsen frå Gullvegen Gardstun fortalde om deira gardssatsing på eit fundament av gull ved bruk av tradisjon og innovasjon. Morten Lønning i frå Bømlo Consult fortalde så om korleis dei har bygd opp ei bedrift basert på eit behov som vart påpeika i lokalt næringsliv. Vidare fortalde Marius Økland i frå Fylkesnes Fisk om historia deira, og korleis dei jobbar med teknologi og innovasjonen for at fisken skal ha det best mogleg. Til slutt fekk med høyre frå Jan Helge Skailand i Masterloop, om deira reise frå idè til produkt, internasjonalisering og sal.

Foto: Kjetil Fyllingen

Siste bolk starta med nydeleg song av Ingrid Esperø, Jan Ove Morlandstø (gitar) og Frode Kvandal (kontrabass). Etterpå fekk me høyre frå tre lokale matprodusentar som brenn for berekraft og kortreiste produkter: Gina Digernes frå Sikje Småbruk, Ståle Sakseide frå Sakseide Gartneri og Jan Sigve Særsten Robberstad frå SnillBonde. Dei fortalde alle om kor opptatt dei var med å ta vare på jorda - både molda og kloden. Fleire av deltakarane vart nok overraska over kva delikatesser som vert produsert på Bømlo.

Ståle Sakseide. Foto: Kjetil Fyllingen

Etter ein innhaldsrik dag i kulturhuset, var det tid for kortreiste smaksgleder og kortreist musikk på Ståvo på Bømlo Storsenter. Her hadde HiSio laga til mat ved bruk av lokale råvarer. Blant anna vart det servert kveite frå Tubilah, og fårikål med får i frå SnillBonde og kål i frå Sikje Småbruk. Desserten var laga av lokale epler, og bordene var pynta med oppsatsar i frå Sakseide Gartneri. Kystsonglaget satte stemninga med kortreist musikk, og fekk med seg dei oppmøtte på allsong. Stemninga var til å ta og føle på!

Kystsonglaget. Foto: Kjetil Fyllingen

Tusen takk til alle som kom, og alle som bidrog til denne fantastiske dagen. Me ønskjer å takke Sparebanken Vest som hovudsponsor på konferansen, og Tubilah som sponsor på etterfesten.

Sjå alle nyhende