Bli kjend med Alvsvåg Rådgjeving og Undervisning

bilde

Slit di bedrift med sjukefråvær eller utfordringar med arbeidsmiljøet? Sigrun Alvsvåg driv firmaet Alvsvåg Rådgjeving og Undervisning, og er no godkjent som tilbydar av ekspertbistand via NAV. Dette er ei kostnadsfri teneste der di bedrift kan få hjelp i arbeidet med sjukefråvær.

Alvåg Rådgjeving og Undervsining er eit av dei nyaste medlemmane i næringsrådet, og vert drive av Sigrun Alvsvåg i Nemus sine lokaler på Bømlo Storsenter. Sigrun er utdanna spesialsjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid, relasjonsterapi, organisasjon, leiing og samhandling.

Av tenester tilbyr ho rådgjeving og undervisning til bedrifter og organisasjonar, ekspertbistand i samarbeid med NAV, og samtalar til enkeltpersonar og par.

Sigrun har god kompetanse og lang erfaring, og bistår blant anna med HR/leiarstøtte innan;

  • Psykososialt arbeidsmiljø
  • Sjukefråværsarbeid
  • Konfliktløysing
  • Kommunikasjon og samhandling
  • Ekspertbistand frå NAV

Ekspertbistand
⁠Dette er ei teneste der arbeidsgivar og arbeidstakar får hjelp når det er hyppig og/ eller langvarig sjukmelding, eller fare for dette, og ein ikkje kjem vidare med løysingar som er utprøvd. 

Det er ei kostnadsfri teneste for arbeidstakar og arbeidsgivar, finansiert via NAV og ein del av IA-avtalen. Tilbydaren/eksperten er ein nøytral part med relevant kompetanse, som bistår og kartlegg bakgrunn for sjukefråværet og ser på moglegheiter og løysingar for at arbeidsforholdet skal fungere best mogleg framover. 

​Sigrun er godkjent som ekspert av NAV, har kompetanse på sjukefråvær og arbeidsmiljø, og vil hjelpe med å avdekke moglege årsaker til sjukefråværet, og føreslå tiltak som gjer at den tilsette kanskje unngår å bli sjuk igjen, og/eller kjem seg raskare tilbake. I nokre tilfelle blir andre arbeidsoppgåver eller ny arbeidsstad eit alternativ.

Ta kontakt
⁠Sigrun har ledig kapasitet og drøftar gjerne konkrete saker for å vurdere om det kan være aktuelt med ekspertbistand eller andre tiltak. Her er det mogleg å kome raskt i gong! Ta gjerne kontakt for utfyllande informasjon, eller for å høyre om dette er ei teneste som kan passe for di bedrift.

Sjå alle nyhende