Næringsrådet på besøk på skulane

bilde
Foto: Rune Gåsland

Som ein del av samarbeidet skule-arbeidsliv, er Bømlo Næringsråd jamnleg innom skulane for å fortelje om næringslivet på Bømlo, heilt i frå dei startar i 8. klasse og fram til vg3.

I haust var Mari på besøk på vidaregåande for å fortelje om hennar yrkesveg, korleis det er å jobbe med økonomi, marknadsføring og prosjektleiing, samt fortelje om moglegheitar som finst i det lokale næringslivet innan desse yrka. Me var og til stades på felles foreldremøte for 10. klassingar i heile kommunen for å fortelje om kva yrker det lokale næringslivet har størst behov for framover.

Til no i vår har næringsrådet møtt 10. klasse og 9. klasse då dei har vore på hospitering på studiespesialiserande. Her har dei fått eit innblikk i næringslivet på Bømlo, samt at Eidesvik Offshore og Wärtsilä har vore med som representantar frå arbeidslivet for å snakke om utdannings- og karriereval.

Framover skal næringsrådet besøke 8. klasse på dei tre ungdomsskulane våre for å fortelje litt om næringslivet på Bømlo opp gjennom historien, og gje elevane eit innblikk i kva dei ulike næringane balar på med.

Desse besøka er ein del av ein større plan som handlar om å gje elevane eit best mogleg innblikk i det lokale næringslivet, og hjelpe dei å ta eit velinformert val når dei skal velje studieretning både på vidaregåande, når det gjeld valgfag, og vidare studier. Dette kjem som eit supplement til utdanningsmesse, yrkesdag, open dag på skulane, hospitering, jobbskygge, bedriftsbesøk mm.

Sjå alle nyhende