Næringsrådet på besøk hos Siemens Energy

bilde

Bømlo Næringsråd sitt styremøte for november vart halde hos Siemens Energy på Ternetangen. I forkant av styremøtet fekk me ein interessant introduksjon av Siemens Energy ved plassjef Are Matthiesen, som ga oss eit innblikk i verksemda si historie og posisjon som ein leiande aktør innan Subsea-teknologi.

Siemens Energy – Sensors på Bømlo er verdsleiande innanfor trykk- og temperaturmålingar Subsea. Fabrikken har vore ein sentral bidragsytar til utviklinga og produksjonen av sensorar sidan 1988, og har så langt levert over 30 000 sensorar verda over. Imponerande nok passerer minst 40 % av all olje og gass produsert subsea globalt gjennom ein sensor frå Bømlo.

Bedrifta sysselset rundt 115 tilsette og har til ei kvar tid 4-5 lærlingar. Til saman har dei teke imot over 40 lærlingar gjennom åra, noko som viser eit sterkt fokus på kompetansebygging for framtida.

Ein annan styrke ved Siemens Energy er samarbeidet med fleire lokale bedrifter, som til dømes Matre, Auto Service og Pedersen Maskinering. Dette lokalsamarbeidet er eit godt døme på korleis global suksess kan vere tett knytt til det lokale næringslivet.

Etter introduksjonen fekk me ei omvisning i fabrikken, der me fekk sjå korleis dei avanserte sensorane blir utvikla og produsert. Å få sjå den høgteknologiske produksjonen på nært hald gjorde inntrykk, og det var fascinerande å sjå korleis ein bedrift på Bømlo leverer teknologi til Subsea-marknaden verda over.

Etter omvisninga gjennomførte me styremøtet i Bømlo Næringsråd. Mot slutten av møtet vart konstituert leiar Mari Pedersen Totland takka av for innsatsen av styreleiar Lauritz Eidesvik. Dette var Mari sitt siste møte som leiar før Ragnfrid Sønstabø tek over som ny leiar frå nyåret.

Me takkar Siemens Energy for gjestfridommen og for ein inspirerande tur innom på Ternetangen. Bømlo er heldige som har ein global aktør som Siemens Energy i lokalsamfunnet, og me ser fram til å følgje deira vidare vekst og suksess.

Sjå alle nyhende