Bedriftspåmelding Heim igjen 2023

bilde

No er påmeldinga i gang for bedrifter som ønskjer å møte framtidig arbeidskraft på Heim igjen-arrangementet til Bømlo Næringsråd. Arrangementet går av stabelen torsdag 21. desember kl 18 på #HiSio, og bedriftene har allereie starta å melde seg på. Så ver snar og sikre deg plass på eitt av dei viktigaste nettverksarrangementeta i år, ved å sende epost til mari@bomlonr.no.

22. desember i fjor arrangerte me «Heim igjen – Bømlo», eit treff der Bømlingar eller andre som ville bli betre kjend med næringslivet på Bømlo fekk møte lokale verksemder. 65 deltakarar og 15 verksemder møtte til ein førjulskveld på HiSio med god mat, korte innlegg frå nokre av verksemdene, nettverksbygging og hygge.

Tilbakemeldingane me fekk etter arrangementet i fjor var så bra i fjor at me tenkjer å gjenskape det i år, torsdag 21. desember. I år vil me ha endo større fokus på nettverking, og sette av meir tid til at deltakarane kan snakke med bedrifter på stand. I tillegg vil me auke fokus på kva meir som finst på Bømlo etter at ein går heim frå jobb.

Samlinga er for bømlingar som studerer eller jobbar vekke, som snart skal ut og studere, andre som vurderer å flytte hit, eller folk som nyleg har flytta hit, og er på leit etter jobb. Me har plass til 15 verksemder, og fire har allereie tinga plass.

Ønskjer di bedrift å møte potensielle framtidige arbeidstakarar og knyte kontakt med studentar og unge i næringslivet? Ta kontakt med mari på mari@bomlonr.no snarast.

Sjå alle nyhende