"Avdanka" (LOS Elektro) vann Bedriftsmangekampen vår 2024
Forrige veke var 65 festkledde deltakarar samla for årets siste øvelse og bankettmiddag for å feire avslutningen på vårens mangekampsesong.
Etter å ha vore gjennom frisbeegolf, orientering og pentathlon, skulle det heile avgjerast med ein quiz på to delar. Samanlagt etter dei tre innleiande øvelsane, var det Avdanka som starta kvelden med ei knapp leiing foran Steinsbø Hus og Kraftlaget.
Kraftlaget hadde ikkje tenkt å gi bort seieren, og starta første omgong av quizen med å gå rett i leiinga. Likevel var dei avhengig av at Avdanka havna langt nede på resultatlistene for å gå av med seieren. Steinsbø Hus kjempa og i toppen etter første runde, og spenninga vart difor ikkje mindre før siste runde av quizen.
I siste runde vart Kraftlaget utfordra av Aages Disipler (Teca) som gjorde ein knallsterk runde og gjekk rett inn i delt leiing med Kraftlaget. Avdanka klarte å karre seg til ein 4. plass medan Steinsbø Hus havna på 5. plass. Dette gjorde at Kraftlaget sin seier ikkje var nok til å sikre samanlagtseieren, då Avdanka fekk med seg nok poeng til å behalde førsteplassen.
Samanlagt endte sesongen med Avdanka på 42 poeng (av 48 moglege!), medan Kraftlaget og Steinsbø Hus delte annanplassen med 38 poeng. Me gratulerer så mykje!
I tillegg til utdeling av pokal til vinnarlaget, vart det gjeve ut følgjande utmerkelsar:
- Beste samarbeid: Kraftlaget
- Beste prestasjon: John Sætre - Wärtsilä (for lågast score på frisbee)
- Åpen klasse: Emilie Kuven - Steinsbø Hus (for ein enorm stå-på-vilje)
På vegne av styringsgruppa i U37 v/Joakim Tverborgvik og Mari Pedersen Totland vil me takke alle deltakarar for super innsats gjennom heile sesongen. I tillegg vil me takke alle som har bidratt inn mot øvelsane - utan dykk hadde det ikkje vore noko sesong.
Me håpar at dykk vil vere med oss på ein ny sesong til hausten!