Arbeid for å få fleire bømlingar heim att

bilde
Foto: Bømlo Næringsråd

Bømlo Næringsråd har gjennom programmet Vekst i havet starta eit systematisk arbeid som me håpar vil gje fleire bømlingar som har flytta vekk, augo opp for dei moglegheitene som finnes for arbeid her heime.

- Me har fleire aksjonar på gang, fortel dagleg leiar Nina Ingvaldsen. - Alt frå ei samling pittalitlajulafto for bømlingar som studerer og jobbar vekke, til betre marknadsføring av ledige stillingar til dei som har flytta vekk.

Nettverkstreff for utflytta bømlingar
⁠Saman med heimflytta bømling Mari Pedersen Totland og Tove Sortland som studerer vekke, har næringsrådet fått god hjelp i planlegginga av arrangementet "Jobbe på Bømlo?". Her vil ein invitere inn bømlingar som for tida ikkje bur på øya, i tillegg til ungdommane som snart reiser vekk for å studere. - Me må vise dei kva moglegheiter som finnes her heime før dei reiser vekk, og gje dei informasjon om kva som skjer her medan dei er ute og tileignar seg viktig kompetanse på studiestader og i ulike bedrifter, seier Ingvaldsen.

- Bedriftene vil om kort tid få invitasjon til å sponse nettverkssamlinga "Jobbe på Bømlo?", og me håpar mange ønskjer å vise seg fram der. Me har allereie 4 - 5 sponsorar på plass, men dess fleire som er med, dess meir attraktiv blir det å komme.

Bømlo Alumni på LinkedIn
⁠Bømlo Næringsråd oppmodar alle medlemsbedriftene til å invitere seg inn i LinkedIn-gruppa Bømlo Alumni. - Her deler næringsrådet saker frå kva som skjer i bedrifter rundt forbi, og medlemsbedrifter kan dele sine stillingsannonsar for å nå bømlingar som kanskje kan tenkje seg å flytte heim att, fortel Ingvaldsen.

- Det er viktig at alle som inviterer seg inn i gruppa inviterer alle bømlingar i nettverket sitt, seier ho vidare. - På denne måten blir dette ein god kanal å inspirere utflytta bømlingar til å søkje seg heim att til spennande jobbar.

Sjå alle nyhende