Moster 2024
Verdisamtale om å vende heim igjen
Ein samtale om busetting og om inn- og utflytting frå Bømlo. Kva verdiar er viktige ved val av heim?
Gå ikkje glipp av denne samtalen i Litleamfiet siste dag på det nasjonale jubileet for innføring av Kristenretten på Moster 2024.
Deltakarar vil vera forfattar Bjørn Sortland, Nina Matre, prosjektleiar i Bu i Sunnhordland, næringsrådet si eiga Mari Pedersen Totland, prosjektleiar i Bømlo Næringsråd og Emma Rolfsnes Sele, vinnar av skrivekonkurransen “Heim” for ungdom i regi Moster 2024, Kapabel Forlag, Framtida.no og Falturiltu, nynorsk barnebokfestival.
Sjå alle hendingar