Bømlo Kulturhus

Utvida presentasjon av tilflyttarstrategien

bilde

Aslaug Tveit frå LEVA Urban Design kjem til Bømlo og presenterer tilflyttarstrategien i sin heilskap. Her vil de få eit detaljert innblikk i kunnskapsgrunnlagt, resultat frå spørreundersøking, arbeidet utført, og klåre tilrådingar på kva me må arbeide vidare med for å bli ein enno meir attraktiv stad å bu!

Det blir òg innspel og kommentarar frå fleire på scena denne kvelden, og fokuset er altså kva som skal til for å få fleire til å busette seg på Bømlo.

I tillegg kjem kommunen for å dele litt informasjon rundt pågåande planarbeid.

Meld deg på ved å trykke på denne lenka.

Det vert i litlesalen, og er om lag 100 plassar. Alle kan melde seg på fram til det vert fullteikna.

Sjå alle hendingar