Atheno
Styrekurs
Atheno arrangerer komprimert kurs i praktisk styrearbeid onsdag 15. mars. Kurset høver både for ferske styremedlemmer og styremedlemmer som har ein del erfaring, men som ynskjer eit oppfriska blikk på sitt arbeid som styremedlem eller styreleiar. Kurset tek utgangspunkt i aksjeselskapsforma, men er relevant for andre typar føretak.
Tematikk:
- Styret sin juridiske rolle og ansvar
- Styret sine oppgåver og fokusområde
- Styret sitt samspel med administrasjonen
- Styremøta
- God verksemdleiing
- Styreevaluering
Stad: Vabakkjen 6 (Atheno sine kontorlokale)
Pris: Kr. 1900 pr person (inkludert lunsj). Bindande påmelding. Ta kontakt med Reidun Rykkje i Atheno for påmelding eller meir informasjon, reidun@atheno.no, tlf. 917 45 102.
Kurshaldar: Lars Solberg, styreleiar i Atheno
Sjå alle hendingar