Styrekurs
Atheno arrangerer komprimert kurs i praktisk styrearbeid torsdag 14. mars. Kurset høver for ferske styremedlemmer og styremedlemmer som har ein del erfaring, men som ynskjer eit oppfriska blikk på sitt arbeid som styremedlem eller styreleiar. Kurset tek utgangspunkt i aksjeselskapsforma, men er relevant for andre typar føretak.
Kurset høver både for ferske styremedlemmer og styremedlemmer som har ein del erfaring, men som ynskjer eit oppfriska blikk på sitt arbeid som styremedlem eller styreleiar. Kurset tek utgangspunkt i aksjeselskapsforma, men er relevant for andre typar føretak.
Tematikk:
• Styret sin juridiske rolle og ansvar
• Styret sine oppgåver og fokusområde
• Styret sitt samspel med administrasjonen
• Styremøta
• God verksemdleiing
• Styreevaluering
Stad: Vabakkjen 6 (Atheno sine kontorlokale)
Pris: Kr. 1990 eks.mva pr person (inkludert lunsj)
(Bindande påmelding)
Kurshaldar: Lars Solberg, styreleiar i Atheno
Ta kontakt med Reidun Rykkje på epost reidun@atheno.no for påmelding eller meir informasjon.