Startsalutt for bygging av Bømlo fiskerihamn
Bømlo Fiskerihavn AS, i samspel med Vestland Fylkeskommune og Bømlo kommune inviterer deg til startsalutt for bygging av Sunnhordland si fiskerihamn i Hovlandshagen/Langevåg den 11. mars 2022.
Agenda | ||
12:00 | Velkommen | v/konferansier Ruth-Berny Skjetne Lønning |
Historia, notida og framtida for fiskerihamn | v/styreleiar Ståle Vorland | |
Helsing frå fylket | ||
Helsing frå Bømlo kommune | ||
Helsing frå Karmsund Havn | ||
Helsing frå Sjøfartsdirektøren | ||
13:00 | Offisiell oppstart av arbeidet. 1. salve antennes frå Bygdatunet | Salven går av i Hovlandshagen med direkteoverføring til Bygdatunet |
God drøs. Kake og kaffe. Bollar og brus til skuleelevane. | ||
14:00 | Arrangementet er slutt |
Bømlo Fiskerihamn er regional fiskerihamn og portal til ein 750-dekar stor næringspark på sør på Bømlo, ideelt plassert i forhold til havbaserte næringar, og som vil legge til rette for unik logistikk både på land og på sjøen.