Sparebank1 arrangerer frukostmøte
Korleis påverkar rekneskapen kva rente og lån bedrifta di kan få?
Visste du at rekneskapen din er meir enn berre tal – det er nøkkelen til korleis banken vurderer bedrifta di? Lånevilkår, rentenivå og finansieringsmoglegheiter kan i stor grad avhenge av korleis økonomien til bedrifta framstår i rekneskapen.
Frukostmøtet "Korleis påverkar rekneskapen kva rente og lån du kan få" gjer deg innsikt i:
- Korleis bankar vurderer rekneskapen din ved lånesøknader
- Tips for å betre lønsemda og presentasjonen av verdiane i rekneskapen
- Korleis god økonomistyring kan redusere renten på lån
- Vanlege fallgruver i rekneskapen som kan koste deg dyrt
Om du planlegg investeringar, vil forhandle om betre lånevilkår, eller berre vil forstå meir om kva som ligg bak bankens vurderingar, er dette frukostmøtet for deg.
Få konkrete råd frå Morten Stephansen i SpareBank 1 Sør-Norge Forretningspartner, og still spørsmål som kan bety mykje for bedrifta di.
Velkomen til frukostmøte i SpareBank 1 Sør-Norge sine lokale på Stord.
Arrangementet startar klokka 08.00 og varer til om lag 09.30. Det blir enkel servering.
Stad: Ringvegen 31, 5412 Stord
Påmeldingsfrist: Søndag 8. desember
Påmelding her.