Presentasjon av framtidas Langevåg
Aslaug Tveit frå LEVA Urban Design kjem til Bygdatunet og presenterer arbeidet med Langevåg-delen knytt til den overordna tilflyttarstrategien til Bømlo. Dette er finansiert av næringslivet på Langevåg.
Her vil de få blitt gitt eit detaljert innblikk i tilrådingar som vert gjort for å utvikle Langevåg til å bli ein meir attraktiv stad å flytte til. Og kva type personar me må jobbe for å tiltrekke oss, og halde på, for å vekst i bygda.
PROGRAM
18.00-18.10 - Velkomen
18.10-18.30 - Presentasjon av tilflyttarstrategien for heile Bømlo
pause
18.40-19.10- Presentasjon av moglegheitstudie for Langevåg
19.10-19.20- Vegen vidare
19.20-19.30- Kort orientering om pågåande kommuneplanarbeid
19.30-20.00-Opning av utstilling i Bygdalaben
Samlinga passar for næringslivet på Langevåg, dei som bur på Langevåg, kommunepolitikarar, tilsette i kommuneadministrasjonen, krinslag og grendalag frå heile kommunen, og næringsliv og eigedomsutviklarar i dei andre lokalsentra og kommunesenteret i kommunen.
Meld deg på ved å trykke på denne lenka.
Velkommen til møte - dette blir ein kjekk kveld!