Korleis sikre infrastruktur til eit ekspanderande næringsliv?

bilde

Finnås Kraftlag, BVA og Bømlo kommune inviterer til møte saman med Bømlo Næringsråd for å orientere om straum- og vassituasjonen me står ovanfor.

Me har eit næringsliv som veks og utviklar seg, og i tillegg fleire nyetableringar på trappene. Men korleis skal me sikre at eksisterande og nye næringar får tilgang til den infrastrukturen dei treng?

Bli med på dette viktige møtet som i største grad berører samtlige næringsaktørar i kommunen - i ein eller annan grad.

Agenda

13:00

Velkommen

v/dagleg leiar Nina Ingvaldsen Bømlo Næringsråd

13:05

Straumsituasjonen i Bømlo

v/dagleg leiar Tor Bjarne Smedsrud Finnås Kraftlag

13:20

Vassituasjonen i Bømlo

v/dagleg leiar Audun Halleraker BVA

13:45

Kva skal til for å kople seg på regionalnettet?

v/direktør Magne Bratland Fagne

14:00

Finnes det alternative løysingar som kan vere med å løyse problema innan straum?

v/CEO Jan Torstensen LOS Cable Solutions

14:15

Pause

14:45

Panelsamtale: Kva kan me gjere for å sikre infrastrukturen næringslivet treng neste ti år?

15:15

Tankar om utfordringa, samlinga og vegen vidare

v/kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter Bømlo kommune

Samlinga er open for alle - òg bedrifter som ikkje er medlem i næringsrådet.

Påmelding innan 23. august til heidi@bomlonr.no. Vel møtt!

Sjå alle hendingar