Langevåg Bygdatun

Frukostmøte: Korleis sikrar me verdiane våre i ei digital verd?

bilde

Me kan håpe på det beste. Men er me førebudd på det verste? På dette frukostmøtet inviterer Eidesvik Offshore oss til å lære meir om korleis me kan sikre verdiane våre i ei digital verd.

I den digitale tida me lever i, kan me ikkje lengre akseptere den risikoen som ligg i IT-systema våre, utan å handle. Me er alle ein del av ulike verdikjedar, og det er viktig å ta ansvar å sikre at informasjon me treng i det daglege er tilgjengeleg når den skal, slik at me kan sikre felles suksess. Samlinga er retta mot leiarar, og målet er å auka forståinga av leiaren sitt ansvar og rolle i arbeidet med IT-tryggleik i bedrifta.

Eidesvik Offshore har med seg ein av sine leverandørar på IT-tryggleik til å opplyse oss og gje oss råd om følgjande tema:

  • "Ikkje viss, men når". Eidesvik Offshore fortel om deira opplevingar og erfaringar kring IT-tryggleik
  • Kva skjer når du står ovanfor eit digitalt angrep?
  • Menneskelige feil og digitale tabber - kor stor risiko utgjer dei tilsette i ei bedrift i høve dei digitale flatene?
  • Enkle grep, store skilnader - ei smørbrødliste for IT-tryggleik i di bedrift.
  • Korleis byggjer ein god kultur for IT-tryggleik i di bedrift?
  • AI - korleis vil det påverke tryggleiken i mi bedrift framover?

Frukostmøtet blir gjennomført som følgjer:

  • 08:00: Frukost, mingling og dingling
  • 08.25: Bømlo Næringsråd ønskjer velkommen
  • 08:30: Eidesvik Offshore saman med sin leverandør presenterer
  • 09:15: Kaffipause, nettverking
  • 09:30: Eidesvik Offshore saman med sin leverandør presenterer

Samlinga er berre for medlemsbedrifter. Meld deg på til heidi@bomlonr.no innan 28. september. Ikkje gå glipp av dette viktige og informative møtet om IT-tryggleik frå eitt av dei selskapa på Bømlo som verkeleg har IT-tryggleik i fokus!

Sjå alle hendingar