Bømlo Næringsråd

Infomøte på teams: Tilflyttarstrategi

bilde

Bli med på TEAMSMØTE (klikk på denne lenka) torsdag 2. februar kl 12-12.30

Me treng meir kompetanse til bedriftene våre, me treng at fleire flyttar hit, og me treng at fleire av dei som flyttar hit blir verande. Med bakgrunn i dette sette næringsrådet i fjor i gang programmet Vekst i havet.

Ein av tinga me peika på der, er at me burde gjort ei kartlegging av kva unge 20 – 40 er på jakt etter for å flytte til Bømlo. Slik at me kan fokusere på dei rette tinga for å sikre auka tilflytting av kompetanse til kommunen vår i åra som kjem.

Samstundes har næringslivet på Langevåg eit ønskje om vekst i bygda, og har sett ned ei arbeidsgruppe for å lage ein plan for korleis Langevåg kan utpeike seg for dei som er på leit etter stad å bu. I dette arbeidet har dei fått tilbod frå stadsutviklingsselskapet Leva Urban Design (selskapet bak dugnadsarbeidet «Camp Kåså») om å lage eit målbilete for Langevåg i framtida.

For å lage eit slikt målbilete peikar dei på, at først må det på plass eit kunnskapsgrunnlag og ein tilflyttarstrategi for heile Bømlo. Difor har næringslivet på Langevåg fått eit tilbod om dette:

  • Utarbeide kunnskapsgrunnlag og tilflyttarstrategi for Bømlo
  • Utarbeide strategi for Langevåg 2040

Næringslivet på Langevåg ønskjer å starte arbeidet snarleg, og har dratt i gang ei kronerulling blant bedrifter med adresse Langevåg for å få gang på arbeidet. På ei veke har næringslivet på Langevåg samla inn meir enn halvparten av kva det samla arbeidet kostar.

Me ønskjer difor å presentere bakgrunnen og forslaget til arbeid for næringslivet elles, då me meiner dette er 1) viktig, det er 2) unikt (ingen andre kommunar har laga tilsvarande), og me meiner 3) det vil gje god og viktig kunnskap til både politikarar, kommuneadministrasjon og næringsliv i høve kva me skal satse på framover, for å vere ein berekraftig og sterk kommune i vekst.

Me startar no òg ei kronerulling for arbeidet med kunnskapsgrunnlag og tilflyttarstrategi for Bømlo blant bedrifter over heile øya, då dette har verdi for heile øya, og gjer eit viktig kunnskapsgrunnlag i vidare utviklingsarbeid som skal sikre tilflytting til kommunen.

Håpar de alle har tid til å delta på dette teamsmøte, høyre meir om arbeidet foreslått, og vurdere om di bedrift har anledning til å bli med på dette spleiselaget.

Sjå alle hendingar