Heim igjen - Bømlo
Er du bømling som studerer eller jobbar vekke, eller som snart skal ut og studere? Vurderer du kanskje å flytte til Bømlo? Eller har du nyleg flytta til Bømlo og er på leit etter jobb? Me har laga til ein møteplass for nettopp deg, der du kan få møte bedrifter som held til i området, og kanskje finne din framtidige arbeidsstad. På denne samlinga på HiSio får du møte:
- Wärtsilä Norway, Bremnes Seashore, Finnås Kraftlag, iteam, Siemens Energy, Greenitives Norway, Bømlo kommune, LOS Gruppen, Eidesvik Offshore, Zinus, Matre, ilder, Servogear, Smart Automation og Norgeshus Bømlo
- Heimflytta bømling Mari Pedersen Totland og bortebuande bømling Tove Sortland
- Nina Matre i Bu i Sunnhordland
- Og sist, men ikkje minst, ordføraren vår Sammy Olsen
På menyen har me nydeleg tapas og god drikke. Det er berre 65 billettar tilgjengeleg, så her gjeld det å vera rask.
Billettar kan kjøpast til ein sterkt sponsa pris på billetto (UTSOLGT).
Det er viktig at du ved bestilling legg til utdanning du held på med/har fullført, og namn på utdanningsstad/bedrift.
OM DET SKULLE VERE FULLT, SETT DEG PÅ VENTELISTE ELLER SEND E-POST TIL mari@bomlonr.no, SÅ GJER ME DET ME KAN FOR Å FÅ DEG MED 🙂
Arrangementet har 18 års aldersgrense.